Hareidsdølen, som har vore Hødd-spelar sidan 2012, har frå før av to landskampar for U18 - begge mot Irland i fjor.

No tek Aursnes steget rett opp på U21-landslaget som skal møte Irland 9. oktober og Ungarn 13. oktober. Begge kampane går i Drammen.

- Eg har visst gjennom Geir Hansen at eg har vore i søkelyset. Men eg fekk ikkje vite om uttaket før i dag. Eg må seie det er kjekt å bli tatt ut. Dette viser at dei følgjer med også i 1.-divisjon, seier Fredrik Aursnes til Vikebladet Vestposten like etter at uttaket vart klart.

Han synest det blir mest spennande å sjå kor lista ligg på det internasjonale U21-nivået.

Sine eigne prestasjonar for Hødd i år vurderer Aursnes slik:

- Eg har hatt ein stabilt bra sesong.

Sjå heile uttaket.