Tradisjonen tru arrangerer IL Hødd fotballskule i haustferien.

I år er haustferien i veke 41, og fotballskulen går frå måndag 6. oktober til onsdag 8. oktober. Det blir aktivitet frå klokka 10.00 til 14.00.

Kvar dag blir øktene delt inn i to delar. Første økta inneheld mykje ferdigheitstrening med ball i ulike øvingar. Desse øktene vil ha fokus på pasningteknikk, medtak/mottak, skotteknikk, finter/vendingar og ein koordinasjonsdel. Det er også viktig å presisere at øktene vil bli tilpassa etter alder og ferdigheiter, slik at alle føler mestring i treninga. Siste økta blir mykje spel.

Spelarar frå a-laga for begge kjønn pluss juniorlaget stiller som instruktørar.

Gutar og jenter fødde mellom 2002 og 2008 er inviterte. Alle deltakarane får premiar.

Påmelding skjer via hodd.no.

Les også:

Hareid arrangerer fotballskule