I takt med Hødd si gode form denne hausten har Shroot, som er født og oppvokst i London, også vist Høddvoll-publikummet kvar målet står. Og måla er ofte av den vakre sorten. På søndag kom det fyrste målet etter fint forarbeid i frå Fredrik Aursnes som slapp ballen til Shroot som målretta utfordra begge stopparane til Ranheim før han ekspederte ballen sikkert i lengste hjørne for Ranheim-keeper Even Barli.

- Eg var ikkje til stades den fyrste halvtimen. Eg hadde konstant tankar i hovudet om at eg var ein dårleg spelar. Men eg har alltid trua på at eg skal score i løpet av kampen. Takka vere eit brilliant framspel frå Fredrik (Aursnes) kunne eg score det fyrste målet. Også Ole Amund (Sveen) skal ha takk for god hjelp i forkant av det andre.

Spesielt det andre målet til briten var av det svært vakre slaget. Han førte ballen inn i bana, og frå skrå vinkel skrudde han ballen rundt ein sjanselaus Barli i frå om lag 16 meter.

- Beste avsluttaren i Europa

- Eg klarar ikkje skyte ballen hardt nok, så eg må nærmast sentre han i mål. Eg spelar etter regelen at teknikk slår fart og kraft. Det har jo fungert godt for meg, seier Shroot spøkjefullt.

- Den beste avsluttaren i Europa, konkluderte lagkamerat Vegard Heltne med i intervjusona etter kampen.

Om kommentaren frå Heltne seier Shroot at han slit litt med å ta han heilt seriøst.

- Det gir meg sjølvtillit å høyre slikt frå lagkameratane mine. Samstundes trur eg nok ikkje at han er hundre prosent seriøs, for vi brukar alltid å spøke om dette, flirar nord-iren. Som også seier at han ikkje veit så mykje om kva framtida bringer. Ein ting er uansett klart, klubben ynskjer han nok med vidare.

- I dialog

På spørsmål om Shroot er å finne i neste års Hødd-lag svarar sportsjef Andre Nevstad slik:

- Vi går ikkje ut med ting som ikkje er 100 prosent sikkert. Per no er ingenting sikkert men vi er i dialog med Robin og han er ein av dei vi prioriterer framføre neste års stallplanlegging, seier Nevstad.

Det kan med andre ord gå mot nokre spanande veker for dei som håper å sjå briten score vakre mål for Hødd også neste år.