Søndag 2. november spelar Hødd sin aller siste kamp på «gamle-Høddvoll». Det vil klubben slå ettertrykkeleg fast med både ei «historisk reise» og andre tiltak.

Hødd har brukt det noverande Høddvoll-graset i over femti år. Men no bankar ei ny tid på døra. Når Hødd spelar den første heimeseriekampen neste år, blir det på Nye Høddvoll – og på kunstgras.

– Vi satsar på å selje ut stadion til denne siste kampen, som er mot Bryne, seier ein glødande og optimistisk Lars-Petter Rønnestad. – Det vil seie at vi satsar på at alle dei 2.500 plassane på sitjetribuna er opptekne når spelarane spring ut på bana. Frå før har vi selt 1.100 sesongkort. Resten av plassane går vi ut og sel i løpet av denne og neste veke. Denne første veka sel vi internt til aldersbestemte, trenarar og lagleiarar – og frå og med neste veke legg vi ut eit ope billettsal.

– Vi trur det blir kamp om billettane, seier Rønnestad, som har ei ekstra god salsvare i eit Hødd-lag som har vist svært god form den siste tida.

Historisk reise

Kampen mot Bryne startar klokka 13, men ein time før det blir det sett i gang ei historisk reise for Høddvoll-publikumet.

– Då vil vi nemleg samle dei største Hødd-profilane framfor sitjetribuna og mimre om bragder og tider som har vore. Vi vil snakke om opplevingane og få fram dei gode historiene – ti-år for ti-år – heilt frå baneopninga i -63 og fram til i dag. Hødd har hatt tre opphald i eliteserien i desse åra,  og som alle veit eitt cupmeisterskap.

– Mellom innslaga blir det også musikk. Vi har blant anna fått med oss Exposed To Failure, som laga Hødd sin cupfinalelåt.

– På denne avskjedsdagen for gamlebana kan folk sjølvsagt kome når dei vil. Men showet startar altså timen før avspark.

Trening og lysbilde

Alt fredag – to dagar før kampen – varmar Hødd opp til avslutningskampen ved å halde ei «open trening». Då kan alle som vil, kome opp på Høddvoll og sjå a-laget trene for siste gong – og gjerne prate med spelarar, trenarar og støtteapparat.

– Same dag – klokka 17 – opnar vi dørene på Høddvollhuset for eit lysbildeshow, som Osberget har laga til for oss. Hovudkjelda her er Kjetil Hasund si foto- og utklippssamling frå eit langt fotball-liv.

– Fantastiske foto, slår Rønnestad fast, - som inkluderer alt frå gullalderen på 60- og 70-talet og oppover. Vi går nær på personane, og her er ei rekke foto berre få har sett før.

– Dette tiltaket er heilt gratis, så vi håper at mange kjem og ser på.

Dagen før dagen

– Også dagen før dagen, d.v.s. laurdag 1. november, skjer ein god del ting. Oppe på Høddvoll er det klart for den årvisse Sponsorcupen, medan det blir fleire akitvitetar i sentrum, lovar Rønnestad, som slår fast at gamlebana blir liggande som ho er inntil vidare. Nyebana får offisiell opning under den første seriekampen der i 2015. Men før det kjem der til å bli avvikla treningskampar, blant anna mot tippeligalag.