Det er tidleg avspark i den nest siste serierunden i 1.-divisjon. Hødd spelar borte mot Kristiansund, og kampstart er 13.00.

Hødd har framleis ein teoretisk sjanse til å kapre ein av dei fire kvalikk-plassane i 1.-divisjon, men då må både Ranheim og Bærum tape begge sine to siste kampar, medan Hødd må slå både KBK og Bryne i sine to siste kampar. (Bærum kan ta eitt poeng, sidan deira målskilnad er dårlegare enn Hødd sin, men Ranheim har så god målskilnad at dei må tape sine to siste for at Hødd skal kunne passere.) Både Ranheim og Bærum har 45 poeng før dei to siste rundane.

For KBK sin del har dei ein fot i kvalifiseringa til neste års Tippeliga. Dei ligg på ein tredjeplass i 1.-divisjon før kampen mot Hødd på Atlanten stadion og kan sikre plass i kvalifiseringa med tre poeng på heimebane. I årets første kamp mellom dei to laga var det KBK som tok alle tre poenga på Høddvoll, men i løpet av dei tre siste møta mellom laga i 1.-divisjon har det alltid blitt bortetap.

Hødd startar med desse spelarane: Falch - Ingebrigtsen, Moltu, Törnqvist, Grodås - Aursnes, Wrele, Torset, Sveen, Heltne - Shroot.

1.-omgang: 11 min: Vegard Heltne må ut og blir erstatta av Andreas Rekdal.

45+1min: Robin Shroot scorar for Hødd etter at keeper og stoppar kludrar det fullstendig til for seg sjølv.

45+1min: Coly får raudt kort etter at dommar har blese av for pause. Slår/skubbar Sveen i ansiktet.

2.-omgang:

56 min: Robin Shroot scorar Hødd sitt andre mål.

61 min: Gult kort: Økland.

67 min: Henrik Grimstad inn for Andreas Rekdal.

69 min: Straffe til Hødd - Månsson får KBK sitt andre raude kort.

70 min: Robin Shroot skaffar straffe og scorar sjølv.

75 min: Hjelmeseth kjem inn for Shroot.

82 min: Steffen Moltu scorar Hødd sitt fjerde mål etter ein corner.

Kampfakta:

1.-divisjon 29. runde

Kristiansund BK - Hødd 0 - 4 (0-1)

Kristiansund stadion.

Tilskodarar: 1839

Dommar: Bjørn Hansen, Kolbotn IL.

Gule kort: KBK: Økland

Raude kort: KBK: Coly, Månsson

Mål: 0-1 Robin Shroot (45), 0-2 Robin Shroot (56), 0-3 Shroot (70), 0-4 Steffen Moltu (82)

Hødd (4-5-1): Falch - Ingebrigtsen, Törnqvist, Moltu, Grodås - Wrele, Aursnes, Torset, Sveen, Heltne (Rekdal 11 (Henrik Grimstad 75)) - Shroot (Hjelmeseth 75)