Norges Fotballforbund har vedteke at alle kampane i den siste serierunden i 1.-divisjon skal flyttast fram frå det oppsette tidspunktet 13.00 til at kampane i staden blir spelt 12.00.

På NFF sine nettsider skriv forbundet at dette blir gjort ettersom dei har fått reaksjonar på at kampen mellom Tromsdalen og Kristiansund ikkje kunne spelast på TUIL si heimebane, men i staden på Alfheim. NFF skriv at dei har motteke negative signal om dette, sidan det skal kunne vere ein fordel for nokre lag at kampen vart flytta.

For at denne kampen skal kunne spelast på Tromsdalen si bane, må kampen flyttast ein time fram, sidan anlegget ikkje har gode nok lysanlegg.

- Av omsynet til fair play og at det ikkje skal stillast spørsmål rundt sportsleg likebehandling blir heile runden flytta fram til klokka 12.00 slik at kampen kan spelast i Tromsdalen, skriv fotballforbundet på sine sider.

Lars-Petter Rønnestad i Hødd fortel at framskundinga ikkje kjem til å påverke opplegget rundt kampen.

- Det blir akkurat same opplegg, men vi framskundar det også ein time.