Banken tek pengane frå utbyttemidlane.

Banksjef Nina Holm Sundgot fortel at banken har hatt eit nært samarbeid med Dimna IL i mange år.

– Vi er verkeleg imponert over det dei har fått til både når det gjeld talet på aktive og dei resultata desse har hatt, sa ho i høve overrekkinga fredag.

Her føyar Dimna IL sin hovudtrenar Arve Hatløy til at den nye Ulsteinhallen vil gi fri-idretten mykje betre treningsforhold enn før, og særleg då om vinteren.

– Vi har hatt inntaksstopp på grunn  av treningsforholda. No blir desse mykje betre, seier han i det han kan opplyse at klubben for tida har 150 aktive. Av desse 40 i gruppa over 14 år. Tilsaman 15 trenarar får systemet til å gå rundt.

Den nye Ulsteinhallen, med sine doserte svingar, blir offisielt opna 12. desember. Alt i mars 2015 skal Dimna IL arrangere innandørs friidretts-NM for ungdom. Det blir ei kjempeutfordring, både når det gjeld sjølve konkurransane og  innkvartering. Det er venta 1.500 deltakarar.

– Hotella er alt booka, fortel Hatløy.

– Dei har lyfta blikket

Nina Holm Sundgot rosar også Dimna IL for måten dei har fått til anlegget på – i samarbeid med andre organisasjonar, kommunen, fylket og næringslivet.

– Dei har definert sitt eige behov og deretter lyfta blikket og sett kva ein kan få til for andre. Resultatet – ein regional friidretts- og fleirbrukshall – vil vere til glede for svært mange i åra framover.

Fleire brukargrupper

Utstyrsbehovet for Ulsteinhallen ligg på over 1,5 mill. kroner. Det går på alt frå elektrisk tidtakingsutstyr via stav- og høgdehopputstyr til nett for  diskoskasting. Hallen er også tiltenkt dei som driv med  handball og basketball. Fotballen har ikkje vore med i første rekke.

– Men golvet er flatt, smiler Arve Hatløy.

Dimna IL har frå før sett inn mange kroner på nytt utstyr. Tilskotet frå sparebanken kompletterer og fullfører denne satsinga.

Framtidsretta for alle

– Eg håper at Dimna IL får arrangere mange store stemne her, men like viktig er det at idrettslinja ved UVS og andre har fått ein framtidsretta heilårs treningsarena som kan gi grunnlag for vidare satsing. – Vi er stolte over å kunne få vere med på dette, sa Nina Holm Sundgot.