Laurdag spelar Hareid sluttspel i innandørs-KM i futsal. Dei er i pulje med Skodje, Valder og Hovdebygda. Sluttspelet går av stabelen i Giskegallen.

I den andre pulja er det Skarbøvik, Ørsta1, Volda3 og Brattvåg Gul som deltek.

Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til semifinaler.

Hareid stilte med dette laget i innleiande runde: Antoni Gardshol (keeper), Hiwa Alipoor, Hazhir Alipoor, Simon Holstad Grimstad, Ivar André Aadland, Nauris Driksna, Ola Kalvø Vattøy (spelande trenar og oppmann). Dei kunne ikkje spele bronsefinalen grunna mangel på spelarar, og Hareid IL skriv på sine nettsider at laget bør ha med fleire spelarar til sluttspelet.