Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune skriv i ein e-post at opninga av Ulsteinhallen er utsett.

- Den offisielle opninga som var planlagt fredag 12. desember er utsett. Bakgrunnen for dette er i hovudsak forseinkingar i arbeidet med legging av golvet i hallen, forklarer Ringstad.

Han fortel også at ny dato for offisiell opning vil verte fastsett i løpet av den komande veka.

Ulstein kommune skal ha brukarmøte om den nye Ulsteinhallen tysdag 2. desember.

Ifølgje kommunen sine nettsider skal temaet for møtet vere fordeling av treningstider og praktisk informasjon.

- Meld gjerne inn andre tema på forhand, om det er noko du ynskjer vi skal førebu oss på, er oppmodinga frå kulturavdelinga.

Det er uklart kva arrangement som blir råka av denne utsetjinga. Hødd sitt damelag i handball skal etter planen spele sin første kamp i nye Ulsteinhallen sundag 14. desember.