Det er snart to veker sidan påmeldinga til den tradisjonelle Grendacupen tok til, men så langt er det ikkje veldig mange lag som har meldt seg på.

Arrangørane skriv på Grendacupen sine nettsider at påmeldingsfristen er 10. november.

Der kan ein også lese at berre eitt lag så langt er registrert i herreklassa, medan to lag er registrerte i dameklassa. Det er gutelaga i ungdomsklassa som har vore kjappast ute så langt, med fire påmelde lag.

I 2013 var det 22 påmelde lag i herreklassa, fem i dameklassa og ti ungdomslag.

Les også: Klart for den 21. Grendacupen