Etter nokre dagar med pause er det nok ein gong opna for attkjøp for sesongkorthaldarar på Høddvoll frå 2014-sesongen.

Kari Mette Sundgot i Hødd fortel at det har vore bra mykje folk innom for å sikre seg plass til den første sesongen på nye Høddvoll.

- Responsen har vore bra, veldig bra. Vi har stort sett folk innom her heile tida medan vi har ope, og nokre utanom også, fortel Sundgot.

Framover skal Hødd ha attkjøp av sesongkort fram til og med 5. desember, før nysalet tek til dagen etter.

Ifølgje Sundgot har dei fleste som har fornya sesongkorta sine gjort det på hovudtribunen.

- Men nokre har flytta over på familietribunen, og vi har byrja å selje meir der, seier ho og legg til at ho trur det vil vere fleire som vil nytte sjansen til det etter kvart.

Sundgot kan ikkje gå ut med tal på kor mange som har sikra seg plass på Høddvoll på noverande tidspunkt, men ho legg ikkje skjul på at klubben så langt er nøgde.

- Samstundes håpar vi det skal kome endå fleire innom i tida som kjem, fortel ho.

Les også: Snart kan du sikre plassen.