Ingvill Måkestad Bovim er ein godt kjend friidrettsutøvar i Noreg, og har mellom anna for tida den norske rekorden på 800 meter. Ho har opplevd mykje motgang i livet, men det har ikkje stoppa ho frå å ville nå draumen om å bli verdas beste mellomdistanseløpar.

Det kanskje ikkje så mange veit, er at ho er utdanna klinisk ernæriungsfysiolog og har brei erfaring om kva ein skal ete og drikke for å yte best i ulike situasjonar.

Torsdag ettermiddag skal friidrettstjerna gjennom eit fagleg og inspirerande føredrag, sponsa av Hofseth Biocare, fortelje aktive jenter kva ein må gjere for å nå toppen. Onsdag ettermiddag var Bovim i TV-studioet til NRK Møre og Romsdal for å prate om føredraga ho held.

Gler seg til å besøke Ulsteinvik

Til Vikebladet Vestposten fortel Bovim at føredraget vil handle like mykje om det mentale som det fysiske aspektet ved kosthald og trening.

- Eg gler meg verkeleg til å kome. Eg skal snakke om kosthald, motivasjon og unge idrettsutløvarar, i dette tilfellet aktive jenter. Noko eg meiner er viktig er korleis ein held på fokuset, som er så viktig for korleis ein skal kunne gjennomføre treninga. Forhåpentlegvis vil desse føredraga vere med på å inspirere unge jenter til å ta nokre ekstra steg, og kanskje vi om nokre år får fleire utøvarar frå Ulsteinvik og området rundt som blir å sjå i noregs- og verdstoppen, seier Bovim, som seier ho mellom anna kjenner godt til Dimna-talentet Karsten Warholm.

Bovim har sjølv aldri vore i Ulsteinvik, men seier ho ser fram til besøket.

- Eg har ikkje vore der før, men eg ser fram til å sjå området. Eg kjenner likevel til området, og Dimna IL. Dimna er jo ein av dei friidrettslaga som har markert seg sterkast i yngre klasser. Det blir spanande å få møte unge jenter frå Søre Sunnmøre, som ynskjer å satse, seier Bovim avslutningsvis.