Torsdag gjekk Hødd ut med ei melding på sine twittersider, der dei slapp nyheita om at ein av profilane i klubben akkurat hadde forlenga kontrakta med klubben.

Ut på ettermiddag kom også meldinga om at profilen med ny kontrakt er midtbanespelar Erik Sandal.

- Erik er den spelaren med flest kampar av dagens Hødd-spelarar. 328 kampar, 97 mål og ein haug med assist. Han kom til Hødd foran 2005-sesongen, og har sidan då vore ei nøkkelspelar i klubben. Men 2014 vart ein stor nedtur for veteranen, som gjekk skada heile sesongen og fekk berre ein kamp i 1. divisjon som innbyttar. No er han for full fart tilbake frå skade, og torsdag kom altså partane til enigheit om ei ny kontrakt, skriv Hødd på sine nettsider.

Hødd trenar Sindre Eid seier han er veldig happy med signaturen til Erik Sandal.

- Ei veldig god nyheit både for Hødd og for Erik Sandal sjølv. For oss er det som å signere ein ny spelar ettersom han mista heile 2014-sesongen. No er han operert for tredje gong og vi forventar at han vil vere klar for fullt i månedsskiftet januar/februar. Ein fullt restituert Erik er ein spelar med mange spennande egenskapar. Han har stor rutine og mange mål og assist i seg, seier Eid til klubben sine nettsider.

Etter sesongslutt har Hødd signert nye kontrakter med Vegard Heltne og Steffen Moltu.

Spelarar som Robin Shroot, Victor Grodås, Andreas Rekdal, Franjo Tepuric, Henrik Grimstad, Benjamin Mork Kleppe, Robin Hjelmeseth, Pål Hofset Skeide og Jan Lennart Urke har framleis ikkje signert nye kontrakter med klubben.

Les også: Grodås trenar med Viking

Les også: Ny kontrakt for Moltu

Les også: Heltne signerte toårskontrakt