- Vi byggjer stein på stein i denne klubben. Vi har utvikla klubben på ein god måte gjennom mange år, både når det gjeld breiddedelen og toppfotballen. Her er framleis eit stort potensiale i Hødd til å utvikle klubben vidare, og neste år blir sjølvsagt heilt spesielt med nytt stadion. Eg har veldig lyst til å vere med og sjå det arbeidet som har blitt gjort bli realisert, sa Bård Dalen til Vikebladet Vestposten etter at det vart klart at han held fram som styreleiar i minst eitt år til. Det blir hans sjuande år som styreleiar.

Dalen har utmerka seg som ein dyktig styreleiar i IL Hødd Fotball, og i tida han har hatt vervet har Hødd mellom anna, som kjent, vunne cupfinalen (2012). Han har også nesten tre tiår som medlem av styret i Sunnmøre Fotballkrets på CV'en. Dalen er også mannen bak Hødd United, eit lag for utviklingshemma i regionen. Under cupfinalen mellom Hødd og Tromsø på Ullevaal i 2012, fekk Dalen utdelt Nikken-prisen.

Vil ta nye steg

Då Dalen av valnemda blei spurt om å stille på for nok eit år, var han klar på at han ynskte å halde fram.

- Heile klubben har utvikla seg positivt siste åra, og alle i klubben er opptekne av at vi skal ta nye steg. Det er så mange flinke folk, vi har eit fantastisk næringsliv som støttar oss, kommunen spelar godt på lag med oss og vi har mange dyktige frivillige i klubben. Eg hentar inspirasjonen min frå alle desse som står på for at Hødd skal vere ein god arena for både born og vaksne.

Nestleiar-vervet og eit av styremedlem-verva var ikkje på val under dette årsmøtet, noko som betyr at nestleiar Jogeir Romestrand og Per Ivar Roald held fram. Elles har Ingebjørg Rønning og Arne Heltne sagt ja til å bli med i to nye år som styremedlemmar. Nytt av året er at Anne Holstad har komt inn som ekstra styremedlem.

- Ein regionklubb

Fleire av styremedlemmane er ikkje frå Ulsteinvik, inkludert sistnemde, noko styreleiaren berre ser på som positivt.

- Hødd er ein regionklubb. Frivilligapparatet rundt kamp er mellom anna folk frå Gjerdsvika og Volda som stiller opp. Det er ein regionklubb på toppfotball og spelarutvikling, og sjølvsagt ein breiddeklubb primært frå Ulstein-området. Det blir lagt vekt på at vi skal vere ein regionklubb, for vi i Hødd treng regionen rundt oss, og Hødd vil gjerne bidra ut mot dei andre klubbane igjen.

No er det ikkje nokon hemmelegheit at Bård Dalen kjem frå Larsnes, som nettopp er ein av bygdene Hødd har henta spelarar frå opp gjennom åra. Dalen var også i si tid aktiv på fotballbana for Larsnes IL.

- Eg stortrivst i Hødd, og er veldig glad i klubben. No skal det også seiast at eg må vere her i ein del år til før Hødd får like stor plass i hjartet mitt som Larsnes IL, seier Dalen og flirer.