Både Pål Hofset Skeide og Franjo Tepuric forlet Hødd. Begge spelarane hadde kontrakter som gjekk ut etter 2014-sesongen, og klubben har valt å ikkje fornye desse.

På Hødd sine nettsider skriv klubben at Tepuric har 32 kampar og fire scoringar for Hødd. I år vart det 11 kampar i 1.-divisjon, men alle kampane var som innbyttar. Tepuric scora Hødd sitt vinnarmål borte mot Bærum.

Pål Hofset Skeide har fem kampar for A-laget til Hødd, med eit innhopp i 1.-divisjon i 2012. Denne sesongen har Hofset Skeide slitt med skader og han har ikkje fått prøve seg i 1.-divisjon.

- Begge har vore positive bidragsytarar i gruppa, og vi ønsker dei lykke til vidare, melder Hødd.

Pål Hofset Skeide signerte proffkontrakt med Hødd i sommar.