I ei pressemelding frå Hareid IL vert det meldt at hovudtrenar Stig Monsen får med seg to hjelpetrenarar for å komplementere trenarteamet rundt 4.-divisjonsklubben. Hareid melder at Harald Møller og Vidar Vollsæter blir med som hjelpetrenarar.

Vollsæter var også hjelpetrenar i 2013 og 2014. Tidlegare har han vore leiar i Hareid IL i ca. 15 år, i tillegg til å hatt ei rekkje andre verv i idrettslaget. Vollsæter er lege med spesialkompetansen innan idrettsmedisin, noko som definitivt er ein fordel for laget.

Møller er også svært rutinert. Han var mellom anna hovudtrenar for a-laget i klubbens beste sesong på herresida nokon gong; i 1988. Møller har også trena mellom anna Ørsta, Bergsøy og ei rekkje aldersbestemte lag på Hareid. Han har også hatt ulike styre- og lagleiarverv.

- Vi meiner no vi har fått ei kjempeløysing på trenarsida for komande sesongs a-lag, med tre svært rutinerte og dyktige trenarar, seier fungerande leiar i sportsleg utval, Vagn Scheide Mork, som har leia prosessen med å finne trenarar.

Ruben-Kenneth Brandal har vore hjelpetrenar for Hareid i 2013 og 2014. Frå 2015 skal han inn i ei trenarrolle i Hareid sine aldersbestemte lag.