Måndag vart det klart at Ulstein Group forlenger sin sponsoravtale med IL Hødd Fotball. I ei pressemelding frå klubben går det fram at den forbetra avtalen skal gjelde ut 2017.

- Vi ønskjer å støtte opp under det gode arbeidet som Hødd gjer både lokalt og regionalt. Vi synest at Hødd kombinerer arbeidet med å få fram toppspelarar og oppretthalde breidda hjå jenter og gutar på ein veldig god måte. Vi set også stor pris på tilbodet Hødd United, og på at samarbeid med vidaregåande skule og næringslivet i området er godt. Skal vi skape gode bu- og arbeidsmarknadsregionar er vi avhengige av gode og varierte fritidstilbod. Hødd har ei svært sentral rolle i dette og vi er stolte av å kalle oss hovudsponsor for klubben, seier Lene Trude Solheim frå Ulstein Group i pressemeldinga.

Sindre Eid, som ikkje berre er hovudtrenar i Hødd, men også marknadssjef, seier i pressemeldinga at klubben er svært nøgde med at Ulstein vel å forlenge avtalen.

- Hødd og Ulstein har gjennom mange år hatt eit godt og utviklande samarbeid. Vi i Hødd er heilt avhengige av å ha eit godt samarbeid med næringslivet for å kunne utvikle klubben vidare.  Eit godt samarbeid er med å utvikle både Hødd Fotball og Ulstein vidare, seier Eid ifølgje klubben sine nettsider.

Til Vikebladet Vestposten seier Lene Trude Solheim at Ulstein Group set pris på aktiviteten som føregår i regi av Hødd.

- Det er eit mylder av foreldre som bidreg, men det viktigaste er aktive unge. Folkehelse er utruleg viktig, og det er noko som Hødd byggjer opp under, fortel ho.

Lene Trude Solheim er kommunikasjonssjef i Ulstein Group.