- Vi har vore ute etter Magnus i fleire år. Det er ein viktig del av det vi gjer, det å nokre gongar kunne hente tilbake spelarar som er frå distriktet og som har vore ute og fått erfaring i andre klubbar og i toppfotballen. Det har Magnus, han har erfaring og er framleis ein veldig, veldig god fotballspelar fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Fleire var interesserte

Hødd slapp nyheita om at Magnus Myklebust er klar for ei ny periode i Hødd under ein julefrukost på Høddvoll-huset tysdag, og Sindre Eid meiner det er mange gode grunnar til å få Myklebust tilbake til klubben.

- Mange hugsar Magnus som ein kjapp bakromsspiss, og han er framleis kjapp, men han kan også bekle ei kantrolle på begge sider og ei offensiv midtbanerolle. Han har utvikla spelet sitt i løpet av åra.

Les også: Magnus Myklebust tilbake i Hødd

Eid fortel at Myklebust har vore veldig god for Kongsvinger dei siste åra, mellom anna i kampar mot Hødd.

- Han har hatt ein veldig god sesong i år, og scora 15 mål. Vi veit at det var fleire klubbar som var ute etter Magnus, så at han kjem tilbake til oss medan han framleis har mykje å gje er eit godt signal.

For tynt i forsvar

Til no har Hødd styrka laget med to offensive spelarar, og under julefrukosten fortalde Eid at ein no ser mot å forsterke det bakre leddet.

- Vi vurderar både eksternt og internt. Det har vore for tynt i bakre rekkjer dei siste sesongane, og vi har vore heldige med to stopparar som har spelt alle kampane og prestert på godt nivå, men vi ønskjer meir konkurranse om plassane også der, fortel trenaren.

Eid seier at Hødd ønskjer betre logistikk i A-stallen.

- I år har vi for eksempel hatt litt for mange spissar og med betre logistikk kan vi få meir konkurranse om alle plassane, meiner han.

Det trur Eid igjen vil føre til at klubben vil kunne få endå høgare nivå på trening.

Eid fortel at Hødd no ser på spelarar både til stoppar og back-roller.

- Det er ikkje fordi vi ikkje er nøgde med dei vi har. Vi er veldig glade for at Jesper Törnqvist og Steffen Moltu signerte nye kontrakter, og for at Jonas Ingebrigtsen og Ruben-Kenneth Brandal er med vidare, men vi ønskjer å styrke denne lagdelen også i tal. Då får vi meir konkurranse og blir mindre sårbare for skader og karantener.