Ifølgje SK Herd  sine nettsider har Andreas Rekdal valt å forlate Hødd for å signere ei toårskontrakt som spelande trenar for klubben. I Herd skal han vere med i trenarteamet saman med den tidlegare Aafk-profilen Amund Skiri.

- Rekdal deltok på årets siste trening for A-laget slik at gutane kunne verte litt kjende med sin nye trenar, skriv Herd på sine nettsider.

Dei peikar mellom anna på at treningskultur og erfaring frå toppfotball er noko spesielt dei unge spelarane i Herd vil nyte godt av med Rekdal i klubben.

Rekdal har spelt i Hødd i to perioder, først frå 2007 til 2010, og deretter frå 2012 til 2014. I mellomtida var han spelande trenar for Larsnes/Gursken. Redkdal vil for alltid vere historisk i Hødd, som spelaren som sette det siste straffesparket då Hødd vart Norgesmeisterar i 2012.

Denne sesongen blei det ni kampar frå start og seks kampar som innbyttar i for A-laget til Hødd for Andreas Rekdal.

Sei di meining om dette på våre Facebook-sider!