Den tidlegare Hødd-spelaren Thomas Lid Kleppe, som mellom anna vart Norgesmeister med Hødd i 2012 vart nyleg stadfesta som ny hovudtrenar for Ørsta sitt A-lag i fotball.

Ifølgje Møre-Nytt skal Lid Kleppe inn i ein trenarduo saman med assistenttrenar Terje Haugen Øye, som har vore trenar for Sæbø.

Etter at Lid Kleppe forlet Hødd etter 2012-sesongen har han spelt to sesongar i Nest-Sotra, der han også har vore kaptein.

– Det kjennest behageleg, og det er godt å vere tilbake. Når eg flytta tilbake så var det berre eit tidsspørsmål før eg var tilbake i klubben, og det er veldig greitt å kunne engasjere seg, seier Lid Kleppe til Møre-Nytt.

Til avisa seier han også at han i utgangspunktet er med som trenar, og at det blir teke ei vurdering på om han også kan ende opp ute på bana for Ørsta.