Fredag kveld/natt og laurdag morgon vart Sparebanken Møre Nattcup arrangert av 3.-klasse idrett ved Ulstein vidaregåande skule. Cupen gjekk føre seg i Hareidhallen for andre året på rad.

Nattcupen hadde tre klasser, ei for ungdom, ei dameklasse og ei herreklasse.

I ungdomsklassen tok Sevi FC og Kolo Kolo seg til finalen etter å ha slått høvesvis Tord og Haddølingane i semifinalen. Mål frå Bam Hide, Johannes Sundgot og William Fjørtoft gav Kolo Kolo ei solid leiing før Haddølingane reduserte til 1-3 ved Jakob Sætrenes, men med endå eit mål til Kolo Kolo vart det ein sterk siger for laget med Ulrik Sylte, Ståle Remøy Pettersen, Johannes Sundgot, Sondre Lunde, William Fjørtoft, Bam Hide, Peter Hasund og Zakarie Ushey i oppstillinga. Haddølingane tok bronsen med ein 3-0 siger over Tord.

På damesida slo Las Estrellas Azules Prinsessene og Erta i ei semifinale, og fekk følgje av Night Figters til finalen etter at dei slo Pretty little players i si semifinale. I finalen scora Siril Rusten for Las Estrellas Azules, medan Victoria Røren utlikna for Prinsessene og Erta. Dermed måtte det straffekonkurranse til for å avgjere kampen, og då trakk Las Estrellas Azules det lengste strået. Pretty little players tok seg av bronsefinalen og vann 3-0 mot Prinsessene og erta.

I herreklassen måtte Eiliv's Landhandleri ha straffekonk for å ta seg forbi Turen heim frå Alme i eine semifinalen. I den andre klarte Sprinterrumpene å avgjere før full tid, men måtte kjempe seg til ein 2-1 siger over Ringenes Herrer. Venthan Ketheswaran scora begge måla for Sprinterrumpene før han vart utvist.

I finalen tok Sprinterrumpene leiinga ved Kåre Øvrelid, før Espen Standal utlikna. Fleire mål blei det ikkje og kampen måtte avgjerast på anna vis. Då var det Eiliv's Landhandel som trekte det lengste strået og stakk av med sigeren i herreklassa. Bronsefinalen mellom Ringenes Herre og Turen heim frå Alme vart også ei tett batalje. Mål frå Eirik Kristiansen og Ole-Petter Storeide var nok for Ringenes Herrer, som berre slapp til eitt mål frå Ådne Andersen for Turen heim frå Alme.

Toppscorar i turneringa vart Karsten Warholm med ni mål, medan Fredrik Aursnes scora åtte.

Petter Aasen (Eiliv's) vart kåra til turneringa sin beste spelar i herreklassa.