– Det er heilt fantastisk å ha ein slik hall her på Sunnmøre, meiner Olve Øyehaug i Ørsta IL som hadde med seg 19 utøvarar til Sparebanken Møre-leikane i den nye Ulsteinhallen laurdag. Sjølv om arrangørane arbeide til det siste for å få alt klart før det første skikkelege arrangementet i hallen, så gjekk det aller meste på skinner.

– Dette kjem til å gje friidrett eit kjempeløft. No får ein heilårsmogelegheiter og kan trene i eit skikkeleg anlegg, og eg trur det vil hjelpe på rekruttering, på resultat og ikkje minst på motivasjon, seier Øyehaug som trur friidretten på heile Sunnmøre vil nyte godt av hallen.

Øyehaug fortel at det kan sjå ut til at også Ørsta sine friidrettsutøvarar skal kunne få treningstider i hallen på nokolunde fast basis, noko han meiner vil føre til eit løft også for idretten i Ørsta.

– Det er fleire andre klubbar også som no snakkar om å kunne kome hit for å trene, fortel han.

Kriblar i beina

Kultursjefen i Ulstein, Leif Ringstad, var på plass i hallen laurdag og var nesten klar til å innta løpebanene sjølv.

– Som gamal friidrettsmann så kriblar det i beina, fortel Ringstad.

Han meiner Dimna IL har gjort ein kjempejobb for å kome i mål før stemnet tok til.

– Det er berre smil å sjå, slår Ringstad fast og legg til at det er fantastisk å sjå den store aktiviteten frå start.

– Men det var slik vi såg føre oss, eller håpte, at det ville bli.

Lovorda til den nye hallen let ikkje vente på seg, og utøvarane ser også ut til å setje pris på det nye praktbygget. På veg til neste øving fekk vi ein kjapp prat med stortalentet Toralv Opsal frå Ålesund Friidrettsklubb.

– Hallen er fantastisk, den er veldig fin. Det er veldig viktig for utøvarane på Sunnmøre, for tidlegare har vi ikkje hatt noko slikt, seier Opsal.

Betyr mykje

Dimna-utøvaren Tobias Skavnes Våge set også pris på fasilitetane.

– Hallen er kjempeflott. Det blir veldig gøy å kunne trene her i vinter og i vår, seier Skavnes Våge.

Han fortel at han ikkje forventar dei store prestasjonane så tidleg i sesongen, men synest det gjekk greitt i opningsstemnet og håpar det skal gå endå betre når Dimna arrangerer KM i slutten av månaden.

Skavnes Våge fortel at hallen kjem til å bety veldig mykje for utøvarane i Dimna IL, og spesielt i forhold til trening.

– No om vinteren kan vi springe skikkeleg, med kvalitet, og vi kan øve på andre øvingar, sjølv om det er kaldt ute, fortel han.

Trenar i Dimna IL, Arve Hatløy fortel at det vart arbeidd med å verte klar både kvelden fredag, men også frå tidleg morgon laurdag for å verte klare til stemnet.

– Vi er godt nøgde. Det har vore hektisk for å få alt på plass, men det har stort sett fungert greitt både teknisk og med alt det andre. Eg er veldig godt nøgd så langt, fortel Hatløy.

Han legg til at den siste oppmerkinga i hallen ikkje var ferdig før rundt klokka 23 fredag kveld, og at dei første var på plass i hallen rundt 07 laurdag morgon for å få på plass utstyret.

– Derfor fekk ikkje vi testa utstyret i går, seier Hatløy, men legg til at det meste har fungert godt.

Nesten ubeskriveleg

Hatløy fortel at idrettslaget er privilegert som har fått eit slikt anlegg til bruk i det daglege.

– Det er også veldig kjekt at vi kan arrangere slike stemne, sånn at endå fleire kan kome hit og prøve anlegget, og slepp og reise land og strand rundt.

Trenaren fortel at denne helga får ein sett på kva utstyr som fungerer, eventuelt ikkje fungerer.

– Neste gong blir det meir trøkk, og då må ting gå endå meir på skinner, fortel Hatløy om KM som fungerer som ei generalprøve før Ungdomsmeisterskapen som blir arrangert i mars.

Hatløy fortel at det ikkje har gått heilt opp for han at dei er i gang i den nye hallen.

– Det er nesten ubeskriveleg. Eg trur nok ikkje det sig inn før i kveld, når ein kan setje seg ned og tenkje over kva som har skjedd.

Følg med på Dimna IL sine nettsider for resultat frå stemnet.