Hødd handball har handballveke i Ulsteinhallen denne veka. I dag, laurdag, har dei hatt offisiell opning av Ulsteinhallen for handball.

I tillegg til ein del handballkampar, heldt Jarl Martin Møller, som er leiar i Hødd Handball ein tale. Der delte han ut to utmerkingar. Oline Botnen fekk takk for jobben ho gjer som trenar og Liv Janne Dalehamn vart utnemd som æresmedlem i Idrottslaget Hødd. Den første i historia frå handballgruppa.

Hødd handball vart stifta i 1946. Det vil seie at dei blir 70 år neste år, det lova Møller at dei skal markere neste år. Den første kampen til Hødd hanball gjekk av staben mot Aafk der damelaget til Hødd vann 7-0.

- Det har gått litt i bølgjedalar for handballgruppa historisk, men dei siste 47 åra har ein hatt jamn drift i gruppa, sa Møller.

Hødd handball har hatt ei aktiv handballveke med ei rekkje arrangement, mellom anna besøk av landslagstrenaren for 16-årslaga, tematreningar for alle gutelaga i Hødd handball, køyrd eige målvaktopplegg og gjennomført stormønstring av alle aktive der dei har fått ta teknikkmerke.

Hødd har ein aktiv handballklubb der mykje dugnadsinnsats vert lagt ned. Til slutt i talen fortalde Møller om eit prosjekt styret har prioritert. Jenteprosjektet J16 har som målsetjing å redusere og hindre fråfall i aldersgruppa 15-17 år og bidra til at ungdomen held fram og er aktive med idrett. Prosjektet vil gå over flerie år ot styret håpar at den ekstra merksemda som klubben legg inn bidreg til ei sterkare og sikrare rekruttering til seniornivået over tid.

- Slik det ser ut i dag har me minst 26 spelarar som bankar på døra til seniorlaget dei neste to åra. Det lovar godt!

ps: Like før den offisielle opninga vann Hødd J12 4-2 over Valder.