- Eg skreiv under på tirsdag og det blei offentleggjort i dag, fortel Christian Mork då Vikebladet Vestposten snakkar med han like før trening torsdag.

Den tradisjonsrike klubben har vore nede i ein bølgjedal, men Lyn har kjempa seg opp og fram til 2.-divisjon.

- Ja, det er ein klubb med mykje historie og tradisjonar, og i tillegg har ein Bastionen. Dei gler eg meg til å spele framfor, fortel Mork.

Han trur Lyn vil vere ein fin klubb der han kan få vist seg fram.

- Det er ein bra plass å bli lagt merke til og eg trur eg kan få ei viktig rolle i laget. Eg vil bidra og spele så mykje som mogeleg.

Trente med fleire klubbar

Mork fortel at han har fått eit godt inntrykk av klubben så langt.

- Lyn har ei bra spelargruppe og gode trenarar.

Den siste tida har Christian Mork trent med fleire klubbar, men valet fall til slutt på Lyn.

- Eg trente tre gongar med klubben sist veke, og så fekk eg tilbodet denne veka, så det har gått ganske raskt.

I fjor sleit Christian Mork lenge med ei skade og han måtte gjennom ein operasjon. Det førte til at han kom seint i gang med klubbjakta, og ikkje fekk det på plass før seint i mars.

- No er det godt å ha klubben på plass tidleg, så får eg gjennomført ei skikkeleg sesongoppkøyring, fortel Mork.