Torsdag vart det klart at forsvarsspelaren Christoffer Aasbak, som tidlegare har spelt for Byåsen og Rosenborg, har signert ei toårskontrakt med Hødd.

Sportssjef i Hødd, André Nevstad, fortel at Aasbak er ein spelar som kan fungere både som venstreback, men også som eit alternativ på stopparplass.

- Då vi såg han her var det hovudsakleg som eit stopparalternativ, men han kan spele begge plassar, fortel Nevstad.

I Byåsen har 21-åringen spelt mykje på backplassen, der han leverte eit solid offensivt bidrag for 2.-divisjonsklubben med fire scoringar og heile 20 målgjevande pasningar.

- Det såg vi også då han spelte stoppar her, han er flink til å ta med seg ballen framover i bana og flink til å finne løysingar, anten det er å finne medspelarar på midtbana, spissane eller ved å vende spelet.

Spelarar på godt nivå

Alle dei tre nye spelarane Hødd har signert denne sesongen spelte 2.-divisjonsfotball sist sesong. Magnus Myklebust i Kongsvinger, Michael Karlsen på utlån til Rødde, og Aasbak i Byåsen. André Nevstad er overtydd om at dei ikkje vil ha nokon problemer med å ta nivået i 1.-divisjon.

- Elles ville vi nok ikkje henta dei. Både Mikke og Magnus har bevist tidlegare at dei er gode fotballspelarar på eit godt nivå. Magnus har spelt i Tippeligaen og i 1.-divisjon tidlegare. Han har eit høgt nivå inne.

Nevstad meiner også at Michael Karlsen tidlegare har vist at han kan vere ein veldig god spiss i førstedivisjon.

- Det såg vi i den første sesongen då han var her hos oss. Sidan har det gått litt i rykk og napp. Det som triggar han er at der ligg eit uforløyst potensiale som vi og han skal kunne få ut no når han kjem tilbake.

Kallevåg er spanande

Hødd har også vist interesse for den offensive spelaren Torbjørn Kallevåg.

- Det er ikkje tvil om at han er ein spanande spelar. Når det gjeld forhandlingar med Vard, så har dei gitt oss ei tilbakemelding på at dei har rett på trenings- og utdanningskompensasjon. Det er greit, og det må vi forholde oss til, men det er ikkje noko nytt i forhold til det, seier sportssjef André Nevstad i Hødd.

Han legg samstundes til at klubben har hatt ein dialog med Kallevåg etter at han trente med Hødd.

Nevstad har også tidlegare fortalt at Hødd heile vegen arbeider med samansetjinga av Hødd-stallen og at det skal kome nye fjes inn i a-troppen, anten utanfrå eller frå rekruttroppen til Hødd.

- Vi vil helst ha det meste på plass så snart som mogeleg, men samstundes har mykje byrja å dette på plass. Stallen skal ha fleire faste medlemmar enn den har no. Om det blir to, tre eller ein ny spelar det gjenstår å sjå. Det vil ha med heile balansen i troppen å gjere.

Nevstad legg til at klubben også må sjå korleis dei vil prioritere økonomisk når stallen skal settast.

- Vi veit at ting kan skje utover våren, både med skader og andre ting. Vindauget stenger ikkje før i mars, men vi ønskjer at så mykje som mogeleg skal vere på plass.

Sportssjefen peikar også på at Hødd har mange spanande unggutar i rekkjene, og at ein del av desse trenar fast med a-laget.

- Dei er definitvt med i vurderinga og vil absolutt vere aktuelle for oss utover i 2015.

Ifølgje Nevstad skal Hødd opp på 20 eller 21 spelarar i troppen, noko som tyder at ein ønskjer to eller tre spelarar til.

- Kvar desse spelarane kjem ifrå det vil eg ikkje kome inn på no, men vi har namn utanfor klubben og vi har namn innanfor klubben.