Innandørs friidretts-KM i den nye Ulsteinhallen i dag laurdag og søndag har over 800 startar, melder Dimna IL si heimeside.

Dei 800 startane fordeler seg på om lag 260 deltakarar. Søndag vil arrangøren også teste UM-rutina for innmarsj i løpsøvingane.

Arrangørklubben Dimna IL har klart flest deltakarar med 71. Deretter har Ålesund FIK 35 deltakarar, Ørsta IL 26, Hareid IL 22 og Bergsøy IL 14.

Karsten Warholm er påmeld i 60 m, 200 m, 60 m hekk og høgdehopp. Han spring 60 m hekk kl. 13 laurdag. Seinare 200 m kl. 15.30. Det kan fort bli nye rekordar på han.

Stemnet startar laurdag kl. 12.00 med rekruttar.

Laurdag kjem det også storfint besøk frå Norges Friidrettsforbund. President Svein Arne Hansen og Generalsekretær Kjetil Hildeskor kjem for å sjå den nye hallen og vil oververe mykje fin friidrett utover ettermiddagen.