Tidlegare denne månaden takka Robin Shroot ja til eit tilbod frå Sognal Fotball. I dag har Victor Grodås gjort det samme. Han har signert ein avtale som strekkjer seg over to år.

Sogndal Fotball fortel på sine nettsider at dei har hatt søkjelyset på Grodås ei tid. Mellom anna var han i  2010 var han på eit treningsopphald i Sogndal.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, fortel i ei pressemelding at dei er veldig glade for å ha fått Victor Grodås med på laget:

- Han vil passe inn både sportsleg, i Sogndal sin profil og i spelargruppa, Victor er ein ung, spennande venstreback som har utvikla seg veldig positivt dei siste åra, meiner Flo.

Victor Grodås (f. 1991) har spelt for Hødd sidan 2011.