President i Norges Friidrettsforbund, Svein Arne Hansen, var svært nøgd med det han fekk oppleve då han gjesta Ulsteinhallen under den opne krinsmeisterskapen som går føre seg der denne helga.

- Då Arve Hatløy i Dimna IL kom til oss for omtrent fire år sidan og sa at han hadde planlagt ein hall oppe i Ulsteinvik, tenkte vi: ja ja, lukke til, fortel Hansen.

Det var den gongen. Når hallen no er tatt i bruk kan ikkje friidrettspresidenten seie anna enn at han er svært imponert.

- Eg er meget imponert og glad over kva de har fått til. Det har blitt ein fenomenalt flott innandørs arena, lys og fin, seier Hansen.

Som president i Norges Friidrettsforbund reiser han ein del rundt både innanlands og utanlands.

- Ulsteinhallen står ikkje tilbake for noko av det eg har sett ute i Europa, rosar han.

Barn og unge har i dag så mykje å velge i mellom av fritidsaktivitetar at det er naudsynt å kunne tilby dei eit skikkeleg anlegg. Ulsteinhallen vil føre til at aktiviteten innan friidrett berre kjem til auke i åra framover, spår friidrettspresidenten som fortel at både Ulsteinhallen og miljøet rundt Dimna IL har blitt lagt godt merke til også sentralt.

- Alt fungerer

Med over 260 deltakarar frå heile Nordvestlandet og 800 startar, er den opne krinsmeisterskapen i friidrett inndørs det andre og førebels største friidrettsarrangmentet som har vore i Ulsteinhallen.

- Alle er nøgde og alt fungerer, sjølv om det er ein del ting treng litt justering vidare, fortel Arve Hatløy i Dimna IL.

Rundt 100 funksjonerer er i sving for å syte for at tider, lengder, høgder vert korrekt målt, at hekkane vert sett opp, at sanden i lengdegropa ligg slik han skal, i tillegg til alle dei andre gjeremåla som skal til for at eit friidrettsstemne skal verte vellukka.

For to veker sidan fekk arrangørklubben testa ut den nye hallen då Sparebanken Møre-leikane arrangert med 220 deltakarar frå 31 klubbar i Møre og Romsdal og  Sogn og Fjordane.

Og i neste månad, 6. til 8. mars, vert Dimna IL vertskap og Ulsteinhallen arena for UM 2015, det aller største innandørs friidrettsstemnet i landet.

- Dette vert tre gongar så stort som KM, men eg føler meg temmeleg trygg på at vi skal kunne meistre oppgåva vår då også, seier Hatløy.