Romsdalingane sette inn sitt første mål etter 23 sekund, men knapt halvminuttet etter utlikna June Skeide Bergseth. Deretter sytte Marte Giske for at Hareid gjekk opp i leiinga, etter å ha pressa seg gjennom Isfjorden sitt forsvar på eigahand.

Men det varte ikkje lenge før Isfjorden svarte på tiltale og utlikna. Det hjalp ikkje at Giske sette inn nok ei scoring og at Isfjorden bomma på ei straffe, gjestelaget pressa på. Etter først å ha utlikna til 3-3, fekk Isfjorden lobba ballen i mål og kort etter gjennomført ei kjapt angrep som resulterte i scoring. Isfjorden sitt to-målsovertak stressa tydelegvis hareidsspelarane som miste litt av grepet, medan det gav Isfjorden høve til å roe seg litt ned.

Det verka som om det tok til å rakne litt for Hareid, særleg etter at Isfjorden scora nok ein gong.

Det ville ikkje June Bergset finne seg i, så ho  sette inn eit nytt mål og reduserte til 4-6, noko som gav laget ein ny gnist. Eit halvminutt seinare scora Hareid på nytt og etter nok eit mål,  ei nydeleg scoring frå Malin Kaldhol var stillinga 6-7.

Ein etter kvart ivrig heiagjeng sytte for å gi heimelaget moralsk støtte frå sidelinja, men det hjalp ikkje. Hareid hang på eit stykke og klarte også å utlikne til 9-9. Men deretter gjekk det ikkje Hareid sin veg. Isfjorden hadde fleire raske angrep der Hareid ikkje makta å komme tilbake i forsvar og laga gjekk til pause med stillinga 11 – 19.

Hareid greidde aldri å innhente forspranget, sjølv om dei freista å henge med eit stykke.

June Bergset planta ballen trygt i mål på dei fleste straffene ho tok og Astrid Ertsvåg sette inn fin ei scoring ute frå sida, hårfint plassert mellom Isfjord-keeperen og målstonga.  Framifrå keeperarbeid av Line Kvalsund Paulsen i delar av andre omgang, gjorde i tillegg at Isfjorden mislukkast med mange av angrepa sine. Men det hjalp altså ikkje.

Gjestane frå Romsdal, Norges Tyrol, vann til slutt 23 -37.

- Det vart tøft, det vart det, medgir trenarduoen Jeanett Teigene og Karina Gade.

- Spelarane hadde litt for mykje respekt for motstandarane, meiner Gade.

- Når vi i tillegg hadde to spelarar utvist samstundes, ja, då hagla måla inn, sukkar Teigene.

Dei trur at dersom Hareid hadde hatt ein betre dag, ville dei nok ha makta å henge på betre enn dei gjorde.

- Det har også mykje med sjølvtillit å gjere, avsluttar dei.