Herd - Hødd 2-2 (1-2)

Det blei berre uavgjort i Hødd sin første treningskamp i 2015. Etter ein susar frå Ole Amund Sveen og eit sjølvmål frå Hødd si side vart det ei heftig opning på kampen, men deretter vart det lengre mellom sjansane.

Joachim Magnussen gav Hødd leiinga 1-2, noko stillinga også var til pause, og Herd måtte ha straffe før Kenneth Diallo fann nettmaskene bak Hødd-keeper Ole Monrad Alme.

- Vi gjer ein grei kamp og eg synest vi har bra kontroll. Vi slepp inn eit unødvendig førstemål og ei straffe som kan diskuterast. Utover det har Herd kanpt målsjansar og då synest eg vi gjer det ok, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Eid synest at Hødd har tilløp til ein del framover i bana, og at boretlaget skapte ein del sjansar mot laget som skal spele i 3.-divisjon etter nedrykket i 2014.

- Samanlikna med første treningskampen i fjor mot Herd, så er dette eit langt steg i rett retning, meiner Eid. Då tapte Hødd 2-0 og trenaren synest Hødd har kome lenger i år enn på same tidspunkt sist sesong.

Eid fortel at kampen mot Herd var ein heilt grei dag på jobben, og kanskje viktigast var det at spelarane fekk ei gjennomkøyring utan at fleire hamna på skadelista. Både Fredrik Aursnes, Eirik Ulland Andersen, Erik Sandal, Bendik Torset, Christian Aasbak og keeperane Aslak Falch og Jan Lennart Urke stod over årets første kamp. Ein del av desse er truleg med når Hødd møter Sogndal i Sognahallen komande helg.

- Det er viktig å kome i gang, få brukt troppen godt og artig å sleppe til ein del unggutar. Dei får kjenne på korleis det er å spele med a-lagsdrakt og det er ei god investering i framtida.

Eid synest at Hødd i delar av kampen blir ståande for mykje å trille ball mot eit Herd-lag som la seg lavt i bana og prøvde å ta overgangar.

- Eg synest likevel vi ser igjen ein del av det vi prøvar på, mellomromsspelet vårt og vendingar av spelet. Vi skapar ein del sjansar, men må bli endå meir samspelte og utvikle det relasjonelle spelet vårt til å verte endå betre, seier Sindre Eid.