Onsdag kveld spelte Hødd sitt damelag sin andre kamp i Nordvestserien på nye Høddvoll mot divisjonskollega Volda. Kampen kan truleg reknast som den første som er spelt på Hødd sin nye stadion, om ein ser vekk frå internkampar.

I til tider kraftige vindkast på langs av bana var det i perioder vanskeleg for dei to laga å få ballen til å gå presist, sidan ballen anten stoppa opp eller fekk så mykje fart at det ikkje var råd for spelarane å nå den.

- Det bles så mykje i dag at det nesten ikkje er ein fordel å ha medvind, meinte Ole Per Kragset.

Utover i den første omgangen såg Hødd ut til å takle vinden best og etter om lag 35 minutt vart Silje Holstad spelt fint fram av Angelica Vattøy. Holstad gjorde ingen feil og plasserte ballen flott forbi Volda sin keeper. 1-0 til Hødd som også vart stillinga ved pause.

To Aahjem-mål

Den andre omgangen var berre eit par minutt gamal då Hødd viste at dei også kunne spele i motvind. Ellen Nerland Aahjem fekk ballen ute på venstrekanten, gjekk til hjørnet av 16-meteren og klinka ballen i det næraste krysset. Eit flott mål.

Aahjem avslutta også den andre omgangen på nesten same måte som den starta. To minutt før full tid fekk ho ballen omtrent 16 meter frå målet til Volda. Ballen sendte ho i ein fin boge over keeper til 3-0, og Hødd tok ein fortent siger på eige kunstgras.

- Det var bra gjennomført. Vi får brukt alle, også mange unge og nye spelarar som får vist seg fram, fortel Ole Per Kragset etter kampen.

Med eit damelag som har ein del utskiftningar frå år til år blir det ein del nytt i Hødd-laget.

- Vi har fem-seks 99-modellar i stallen og det er veldig ungt, men eg synest dei tek store steg i løpet av dei to-tre månadane vi har trent. Eg trur vi skal stå bra og vi fekk ein god peikepinn i dag og ein ok kamp.

Hødd har fått inn to spelarar som tidlegare har spelt for Hareid. Therese Holstad er ei av 99-modellane som har slutta seg til damelaget, og Maria Skar har også slutta seg til klubben.

I den første kampen i Nordvestserien spelte Hødd 1-1 borte mot Herd. Dei skal også møte Molde og Træff.

Kampfakta:

Nye Høddvoll

Hødd - Volda 3 - 0 (1-0)

Dommar: Magne Johnny Krumsvik

1-0 Silje Holstad (35), 2-0 Ellen Nerland Aahjem (47), 3-0 Aahjem (88).

Gult kort: Ellen Nerland Aahjem.

Hødd: Amalie Kragset, Benedikte Nevstad, Anne, Susann Brandal Kragset, Ingrid Måseide - Gro Elise Aksnes, Ellen Nerland Aahjem,  Angelica Vattøy, Therese Holstad, Silje Holstad, Ingvild Ringstad.

Innbyttarar: Siril Rusten, Maria Skar, Astrid Oline Roppen, Julie Beitveit, Marte Vik.