Hareid heldt torsdag fram med nok eit godt resultat i sin tredje treningskamp i oppkøyringa. Denne gongen var det Blindheim som tok turen til Hareid, og som ikkje fekk reise heim før dommaren hadde ført opp seks mål til Hareid og eitt til bortelaget.

Men sjølv om Hareid til slutt var suverene, så var det Blindheim som tok mest tak i kampen frå start, stod høgt i bana og hadde mest ball. Laget som måtte ta turen ned ein divisjon til 5.-divisjon i fjor skapte samstundes veldig lite, og dei gongene Hareid fekk etablert eit trykk framover så vart det med ein gong farlegare.

– Det vart ein rotete start på kampen, spesielt dei første 20 minutta, men vi scorar jamt med mål og skapar sjansar, så vi spelar ein brukbar kamp i dag, fortel Stig Monsen.

God Holstad Grimstad

Hareid fekk hjelp frå ein uheldig Blindheim-forsvarar som stussa ballen i eige nett etter eit frispark til 1-0, men derifrå hadde ikkje heimelaget bruk for meir hjelp.

Banens beste spelar, Simon Holstad Grimstad teikna seg for to mål og var ein konstant trussel for Blindheim-forsvaret på sin høgrekant.

Jon André Thue og Alexander Nevstad teikna seg begge på scoringslista før innbytar Venthan Ketheeswaran spelte fri Fredrik Andresen aleine med keeper til Hareid sitt sjette mål.

Blindheim slapp til nokre enkle sjansar, spesielt i andre omgang, og på ein av desse sjansane fekk dei også trøystemålet, etter rot i Hareid sine bakre rekkjer.

Bra angrepsspel

– Vi er nok meir opptekne av framoverspel enn bakoverspel, meiner trenar Monsen.

– Eg er godt nøgd. Vi scorar seks mål og har mykje bra angrepsspel, men eg likar ikkje at vi rotar det til bakover, så det må vi prøve å luke vekk, seier Monsen som også kunne glede seg over å gje mange spelarar tid på bana i treningskampen.

Den komande veka spelar Hareid to kampar. Først mot sist sesongs avdelingsvinnar Volda, som no skal spele i 3.-divisjon. Deretter er det Stig Monsen sin tidlegare klubb Rollon som kjem på vitjing til Hareid.

Monsen trur dei to neste kampane fort kan gje hardare motstand for Hareid enn i dei tre føregåande kampane.

– Det mest interessant er uansett korleis vi sjølv opptrer og der synest eg det går betre og betre, slår Monsen fast.

Kampfakta:

Torsdag 26. februar 2015

Hareid - Blindheim 6 - 1

Målscorarar Hareid: Sjølvmål, Simon Holstad Grimstadx2, Jon André Thue, Alexander Nevstad, Fredrik Andresen.

Hareid: Fredrik Lonbakken - Nauris Driksna, Ulrik Wingsternes, Martin Nikolai Longva, Thor-Ove Brekke - Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Joar Møller, Hiwa Alipoor - Fredrik Andresen, Eiliv-Tore Howlid.

Innbytarar: Vagn Scheide Mork, Ivar André Aadland, Nikolai Røyset, Jon André Thue, Runar Stranden, Venthan Ketheeswaran.