Laurdag er det klart for Hødd sin fjerde treningskamp, heime mot 2.-divisjonslaget Træff.

Sist helg var det venta at Eirik Ulland Andersen kunne få sine første minutt i kamp for Hødd når laget møtte Brattvåg, men midtbanespelaren ville då vente litt med comebacket etter skaden han fekk hausten 2014.

– Eg hadde berre hatt ein fire-fem speleøkter på trening, så eg synest det vart litt tidleg, fortel Ulland Andersen etter Hødd si ettermiddagstrening torsdag.

No seier han at han føler seg litt meir trygg og at han melder seg klar til kampen mot Træff.

- Blir betre dag for dag

Ulland Andersen reknar ikkje med at han vil kome til å spele frå start mot Træff, men håpar han kan få ein halvtime til ein omgang med speletid.

– No har eg hatt ei bra stigning i det siste. Det er sjølvsagt urytmisk i starten, men eg føler at det blir betre dag for dag. Både når det gjeld fotballen og med tanke på ankelen, fortel han.

Joachim Magnussen måtte stå over kampen mot Brattvåg, men angriparen har vore tilbake på trening denne veka.

– Det var berre noko eg ønskte å få litt kontroll på, slik at det ikkje vart verre, fortel Magnussen.

Han skal ha hatt kjenning med ein betennelse under fotbladet, noko han reknar med kjem av mykje trening og skifte av underlag, men no skal han vere klar for sin første kamp på nye Høddvoll.

– Det blir veldig kjekt, slår han fast.

Fleire er sjuke

Hødd-trenar Sindre Eid fortel at sjølv om nokre spelarar er tilbake, så er det også nokre som er usikre til kampen mot Træff.

Christoffer Aasbak er tilbake etter sjukdom, men både Benjamin Mork Kleppe og Michael Karlsen var torsdag usikre framom kampen mot 2.-divisjonslaget. Også Jan Lennart Urke stod over treninga grunna sjukdom.

– Vi får sjå. Dei er uttekne i troppen, men vi tek ingen sjansar no like før vi reiser nedover til La Manga.

Det vil seie at det per i dag berre er Bendik Torset og Vegard Heltne som er skadde i A-troppen til Hødd.

Torset var med på deler av speleøkta torsdag, men det er framleis eit stykke til han er kampklar.

– Han blir fasa meir og meir inn, men vi stressar ikkje med det, seier Sindre Eid.

Vi følgjer kampen mellom Hødd og Træff på Vikebladet.no.