Hødd har måndag kalla inn til pressekonferanse på Høddvoll saman med representantar for Sparebanken Møre.

Sparebanken Møre har inngått ny generalsponsoravtale med IL Hødd Fotball.

– Eg er veldig glad for å kunne signere denne avtalen som strekkjer seg ut 2017. Den er veldig viktig for Hødd fotball, seier André Nevstad i Hødd.

Banken har vore den største og viktigaste samarbeidspartnaren til Hødd sidan 2003.

– Det har vore ei veldig spanande utvikling frå 2003 til 2015, og Sparebanken Møre har vore ein viktig bidragsytar i den utviklinga. Veldig glad for at vi kan sitje her med denne nye avtalen, fortel Nevstad.

Nytt namn på familietribuna

Den nye avtalen er den største og viktigaste i Hødd si historie.

– No blir det opp til oss å prestere, slår Nevstad fast.

Sindre Eid fortel om kva den nye avtalen betyr for Hødd.

– Vi har tre nivå, generalsponsor, hovudsponsor og samarbeidspartnarar. Avtalen er både i storleik og innhald større og betre enn tidlegare.

Eid fortel at Sparebanken Møre vil ha veldig god synlegheit i alt klubben er involvert i .

– Familietribuna skal heite Sparebanken Møre-tribunen, fortel Sindre Eid.

– Dette er ein stor dag for oss, seier Eid.

Nina Holm Sundgot fortel at banken ser på dette som ei veldig viktig avtale.

– Vi synest Hødd er gode rollemodellar for dei verdiane vi står for, seier ho.

Kjell Brudevoll fortel at Sparebanken Møre er sponsor både for Hødd, Molde og AaFK, og han legg til at han er veldig imponert over det Hødd har fått til.

– Bergsøy er nærast meg, men frå tida då eg gjekk på gymnas her oppe så har eg blitt glad i Hødd, og ikkje minst imponert over det laget har fått til. Det er profesjonelt i alle ledd. Det er heilt naturleg for oss å støtte ein slik klubb. Vi er stolte av dykk og kry av det de har fått til, seier Brudevoll.

– Det skaper eit fundament i inntektene vi er avhengig av, både for toppfotball og for klubbdrifta, seier André Nevstad.

– Vi opplever sponsorar som synest Hødd er så viktige at dei ønskjer å vere med. Vi driver fornuftig, tenkjer utvikling og langsiktig, og difor har vi opplevd eit positivt marknad for vår del. Vi er avhengige av eit godt samarbeid med næringslivet, fortel Sindre Eid.

Eid fortel at klubben no er i hamn med omtrent 95 prosent av sine sponsoravtaler, etter at det har vore jobba veldig hardt sidan sesongslutt 2014.

– Våre samarbeidspartnarar synest sjølvsagt det er positivt med ny arena. Høddvoll skal vere Søre Sunnmøre sin største og viktigaste kommersielle arena, fortel Eid som meiner det absolutt har vore positivt med ny stadion i arbeidet med nye og eksisterande samarbeidspartnarar.

Sportsleg status

Sindre Eid fortel om a-laget i Hødd per 1. mars.

– Vi har hatt ein bra førsesong. Trent mykje og ganske hardt. Vi har hatt ok kampar og er nøgde med ståda til no.

Han meiner klubben har på plass ein a-stall på eit mykje tidlegare tidspunkt, noko som også viser att i trening og kamp.

Tysdag reiser 30 mann sørover til La Manga. Det er 20 i a-troppen pluss Sondre Beite og Martin Mork Breivik som reiser sørover.

– Status i gruppa er bra, det er stor konkurranse og vi får god konkurranse om plassane.

– Vi skal jobbe knallhardt for at første sesongen på nye Høddvoll skal bli ein god Hødd-sesong. Vi har ein månad med hardt arbeid framom oss.