- Vi ser på dette meir som ein kampleir enn som ein treningsleir, så alt vi gjer her ser vi inn mot kampane, fortel Sindre Eid om Hødd si veke på La Manga.

Etter ei lett økt tirsdag har laget gjennomført to økter onsdag.

- Vi vil forsterke spelet vårt, både defensivt og offensivt. Det er førsteprioritet no, seier Eid.

Kva får de ut av ei slik treningsveke her nede som de ikkje får heime?

- Her får vi ei veke i nye omgjevnadar, alle gutane får vere profesjonelle, ein får kvilt godt og vi har sjølvsagt betre tid. I tillegg så gjer det noko mentalt å kunne reise vekk og vere i lag på denne måten.

I løpet av veka på La Manga skal Hødd spele to kampar, torsdag mot Bærum og måndag mot Hønefoss.

- Dei kampane kan ein bruke for å sjå at laget er i rute inn mot seriestart. At laget ser ut slik vi ønskjer at det skal sjå ut. Vi spelte ein bra kamp i Sogndal, og så har vi hatt kampar mot 2.- og 3.-divisjonslag. No er det  spanande å sjå korleis laget står mot 1.-divisjonsmotstand, seier Eid.

Trenaren legg til at det også blir ei anna utfordring med tanke på at kampane i Spania går på gras. Alle Hødd sine treningskampar så langt har gått på kunstgras.

- Det er litt humpete og sånt, så vi får kanskje ein litt anna type kampar.

Under den første treningsøkta onsdag var alle spelarane unntatt Vegard Heltne med for fullt. Han trente alternativt saman med Manu Torres. Heltne, Eirik Ulland Andersen, Benjamin Mork Kleppe og Bendik Torset var ikkje med på ettermiddagsøkta.

PS! Om det ikkje var inspirerande nok for Hødd å vere på treningsleir i Spania, så får dei snart endå eit løft sidan åtte Blåsarar er på veg til La Manga for å følgje laget sine to treningskampar.