Tyrkia: Stig Monsen sitt mannskap spelte einaste kampen på årets treningsleir i Side i Tyrkia måndag ettermiddag mot 4.-divisjonslaget Telavåg frå Hordaland. Fredrik Andresen og eit sjølvmål sørga for ein 2-0-siger for Hareid.

Første omgangen var jamn og tett totalt sett, men begge laga hadde sine sjansar for å score. Allereie etter to minutt var Hareid frampå. Først blei Runar Stranden felt i god frisparkposisjon, men frisparket vart ikkje noko av. Så hadde Vagn Scheide Mork to flotte redningar i det 6. og 19. speleminutt. Etter 19 minutt fekk ein Telavåg-spelar som var siste mann raudt kort for å takle Stranden. Men Telavåg fekk sette på inn ny spelar.

Etter dryge halvtimen kom scoringa. Alexander Nevstad spelte fint ut til Jon Andre Thue. Thue sitt innlegg frå venstresida enda med at ein Telavåg-spelar scora sjølvmål og dermed 1-0. Nokre minutt etter målet var Telavåg farleg frampå, men Mork redda flott. Nokre minutt seinare redda Mork fint – også eit frispark frå om lag 25 meter. Før kvilen fekk Telavåg eit nytt raudt kort, men dei fekk sette inn ny spelar.

Etter pausen hadde Hareid brukbar bra kontroll på kampen, men Telavåg var dårleg når det gjaldte å vere effektive framfor Hareid sitt mål. Etter berre to minutt ut i omgangen auka Hareid leiinga ved Andresen. Runar Stranden kom på høgresida før han spelte ei 45-graders pasning ut til Andresen  som sette kula i mål frå kort hald.

Utover kampen vart det ein god del stillingskrig, men Telavåg hadde bra med sjansar som blei ikkje noko av. Største sjansen deira i omgangen kom etter om lag 70 minutt, men då redda Fredrik Lonbakken eit skot frå kort hald på meisterleg vis. Nokre minutt før slutt var Gustav Bjørlykke farleg frampå – utan suksess.

Dermed enda kampen 2-0 til Hareid, noko som var fortent. Alle i troppen fekk også vere på bana i større eller mindre grad i løpet av kampen.

Kampfakta

Treningskamp, 23. mars

Hareid – Telavåg 2-0 (1-0)

Sezer Group Futbol Tesisleri

Tilskodarar: 5

Mål HIL: Fredrik Andresen, sjølvmål.

Gule kort: Alexander Nevstad, Ulrik Wingsternes, Eiliv-Tore Howlid, Lars Roar Holstad, Hazhir Alipoor.

Raudt kort: To til Telavåg. Fekk sette inn ny spelar etter begge korta.

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Martin Longva, Ulrik Wingsternes, Joar Møller – Runar Stranden, Jon Andre Thue, Alexander Nevstad, Simon Holstad Grimstad – Ola Kalvø Vattøy, Eiliv-Tore Howlid (VK).

Inn i pausen: Venthan Ketheeswaran, Hiwa Alipoor, Fredrik Andresen.

Inn utover i 2. omgang: Fredrik Lonbakken, Gustav Bjørlykke, Lars Roar Holstad, Ivar Andre Aadland, Håvard Knudsen Bjåstad, Sigve Overå Hide, Hazhir Alipoor.

BB: Vagn Scheide Mork