– Vi prøvar å spele vårt spel og tek nok i periodar litt for høg risiko. Det blir vi straffa for når vi møter så gode lag, men eg vil skryte av gutane for at dei prøvar å spele på vår måte, fortel Sindre Eid etter kampen mot dei regjerande seriemeistrane i Molde.

Sjølv om heimelaget hadde ein del spelarar på landslagsoppdrag var det på ingen måte eit dårleg lag Hødd møtte i rosenes by.

– Dei er knallsterke og har ein stor tropp med veldig gode Tippeligaspelarar. Vi får topp motstand. Eg er skuffa over at vi taper 3–0 i dag, men samstundes får vi ei veldig god gjennomkøyring, og Erik Sandal og Eirik Ulland Andersen får spele frå start for første gong i år. I tillegg får Ruben-Kenneth Brandal prøve seg på høgrebacken.

Toler eit tap

Ifølgje Eid var det nok enkelte av Hødd-spelarane som merka at dei hadde ein kamp i beina frå fredag, men han synest likevel at laget hang godt med motstandaren i delar av kampen.

– Vi visste at det kom til å bli tøft i dag og det vil gjere oss betre. Vi blir utfordra på dei tinga der vi ikkje er gode nok endå, og då toler vi å tape ein kamp.

Les også: Årets første Hødd-tap

Etter tapet for Molde er det berre ein treningskamp som står att for Sindre Eid og Hødd, heime mot Sogndal komande veke. Med seriestarten knappe to veker unna byrjar laget å nærme seg nivået der dei skal vere mot Strømmen 6. april.

– Eg er nøgd med det vi har gjort til no i vinter, og no handlar det berre om å bruke dei to siste vekene godt, slår Eid fast.

Medan Eirik Ulland Andersen og Erik Sandal begge nærmar seg etter sine lange skadeavbrekk og starta kampen mot Molde, er det Bendik Torset og Vegard Heltne som framleis ventar på å verte speleklare. Torset er nærast av dei to. Mot Molde stod også Ole Amund Sveen over etter at han fekk ein smell i kampen mot Aalesund.