Torsdag kveld fekk Fredrik Aursnes prøve seg på U21-landslaget mot Spania. Kampen, som gjekk i Cartagena, enda 2-0 til spanjolane. Begge måla kom i første omgang, det første etter seksten minutt.

Til Fotball.no seierlandsalgstrenar Smerud at tapet ikkje nett kom som noko bombe:

- Spania er som forventa. Dei har eit godt lag, og dei taklar forholda og kampen mykje betre enn oss, seier Smerud.

Neste kamp for U21-landslaget er mot Sverige 31. mars. Etter planen skal Fredrik Aursnes vere med også i dette oppgjeret.