Hødd møtte Fortuna i første kvalifiseringsrunde i j19-NM, fredag kveld. Fortuna var førehandsfavoritt, og i den første runda i fjor enda oppgjeret heile 7-0 til laget i frå Ålesund. Fortuna var forøvrig heimelag, men kampen vart spelt på Høddvoll.

Tidleg motbakke

Det skulle bli ein tung kveld for Hødd-jentene, og allereie etter to minutt var kveldens første baklengs eit faktum. Fortuna fekk ein corner i frå høgre som vart svingt inn på bakerste stolpe. Der fekk ein Fortuna-spelar hovudet på kula, og sendte den i motsatt hjørne av Hødd sin keeper, og det sto 1-0 i oppgjeret.

Fortuna fortsatte å presse Hødd, som ikkje hadde mykje å by på offensivt i løpet av denne omgangen.  Etter 20 minutt bar dette presset frukter då Hødd rota i forsvar og gav ballen til Fortuna sin spiss. Ho runda Hødd sin keeper og kunne enkelt sette inn 2-0.

Etter dette roa kampen seg noko, og lite skjedde før klokka passerte 40 minutt. Ein misforståelse mellom Hødd-keeper og forsvaret førte til at ein Fortuna-spelar kom aleine i tomt bur, og kunne nok ein gong sette inn eit enkelt mål. Då var stillinga 3-0 og dette resultatet sto seg til pause.

Betre etter pause

Etter pausen kvikna imidlertid Hødd noko til og var det førande laget i perioder, men sjølv om spelet var betre klarte ikkje Hødd å skape dei store farlegheitene.

Etter den gode Hødd-perioden var det imidlertid Fortuna som nok ein gong skulle få inn eit nytt mål, då ein frekk chip ifrå rundt 20 meter fann nettmaskene. Mykje av lufta gjekk ut av Hødd-ballongen då.

Spelet i sluttminutta var prega av to lag som hadde sprunge mykje denne kvelden, og det vart gjort ein del feil i frå begge lag. Men som ved fleire anledningar denne kvelden, var Fortuna ein del hakk giftigare på siste halvdel, og når dei rett før slutt fikk frispark i frå om lag 20-meter var dei ikkje snauare enn at det også fann vegen i lengste kryss og resultatet var no heile 5-0 til Fortuna.

Dette vart også sluttresultatet, og eit nøgd Fortuna-lag er vidare til andre runde i cupen.

God gjennomkøyring

Sjølv om det blei stygge siffer meinte Hødd-trenar Ole Per Kragseth at dette ikkje var noko katastrofe.

- Vi møter eit godt lag og eg synast at vi henger godt med periodevis. Det er mykje nesten, men det blir vanskeleg når vi gir bort enkle mål. Alt i alt synast eg det er ei god gjennomkøyring for oss.

Kampfakta:

Stadion: Nye Høddvoll

Turnering: NM j19, første runde

Resultat: 5-0 (3-0)

Tilskodartal: ca. 30

Hødd: Amalie Brandal Kragset, Anne Marie Hasund, Benedikte Nevstad, Ingrid Måseide, Marie Aarsand Vik, Silje Holstad, Gro Elise Aksnes, Angelica Vattøy, Therese Holstad og Ingvild Sæther Ringstad.

Innbyttarar: Julie Beitveit, Andrine Nevstad, Maria Emilie Skar, Siril Amalie Rusten og Vilde Sundnes Sundal.