Hareid spelte laurdag sin nest siste treningskamp før sesongstart. Det skjedde heime mot 3.-divisjonslaget Stryn.

Første omgangen leverte Hareid totalt sett ein godkjend omgang med aggressivt press og etterkvart godt spel framover. Stryn opna kampen litt svakt og pressa lågt, men kom med i kampen etterkvart.

Etter ti minutt var Stryn frampå, men skotet frå om lag ti meter gjekk over målet. To minutt seinare testa Hareid sin Ola Kalvø Vattøy skotfoten – utan suksess. Etter 18 minutt var Stryn farlege, men headinga var ikkje godt nok.

Då klokka hadde passert 35 minutt kom dagens første mål. Hareid, ved Vagn Scheide Mork, sette i gang spelet hurtig, fann Vattøy på andre banehalvdel som spelte fint gjennom til Runar Stranden. Han gjorde ikkje nokon feil åleine mot keeper frå kort og skrått hald.

Målscorar Stranden kunne ha auka leiinga eit par minutt før pause, men skotet frå 20 meter gjekk i stolpen.

Etter pausen var Hareid ikkje like gode å presse gjestane og dermed blei kampen endå tettare og jamnare. Etter 53 minutt var Stryn på nytt farleg frampå og eit skot frå om lag 25 meter gjekk like ut til side. Stryn skapte ein del halvsjansar, men var ikkje presise nok i siste fasen av angrepa.

Då klokka viste 70 minutt fekk Stryn likevel utlikne. Ein corner frå venstresida enda på bakerste stolpe der ein Stryn-spelar heada kontant i mål frå kort hald.

Etter utlikninga rota Stryn-forsvaret ein del bakover, men Hareid var ikkje gode på å ta vare på sjansane. Likevel kom Hareid seg til tre brukbare sjansar.

Etter 80 minutt var Georg Eikrem Olsen farleg frampå etter fint kombinasjonsspel, men han klarte ikkje å overliste Stryn-keeperen. Etter 89 minutt kunne Ulrik Wingsternes bli matchvinnar, men heada i staden ballen i tverrliggjaren etter ein corner frå høgresida frå Vattøy. På overtid hadde også Vattøy eit godt skot – også dette utan suksess.

Kampen enda 1-1, og var kanskje litt ufortent ut i frå sjansane Hareid hadde på slutten av kampen. Men men, nok om det. Neste veke har Hareid kampfri før dei spelar generalprøve borte mot Skodje torsdag 9. april. Serieopning er 16. april, borte mot Valder.

Kampfakta

Treningskamp, 28. mars

Hareid – Stryn 1 – 1 (1-0)

Hareidsmyrane stadion

Tilskodarar: 80

Mål HIL: Runar Stranden

Dommar:

Gule kort: Jon Andre Thue.

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Gustav Bjørlykke, Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Robin Jackson Indreflø,– Simon Holstad Grimstad, Jon Andre Thue, Thor-Ove Brekke, Runar Stranden – Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen.

Inn: Fredrik Andresen, Martinus Røyset Bakken.