– Det var ikkje akkurat venta. Det kom litt brått på, men det er folk på laget som har sagt at dei synest eg har fortent kontrakt og at dei håpa at eg skulle få kontrakt, seier Sondre Beite.

Etter 2013-sesongen kom 18-åringen til Hødd frå Skodje, og i siste seriekamp på gamle Høddvoll fekk Beite debuten for Hødd mot Bryne.

Håpte på kontrakt i løpet av sesongen

Sondre Beite var saman med Martin Mork Breivik dei to frå Hødd sin rekruttstall som var med laget på treningsleir til La Manga. Då sa Beite at han hadde som mål å jobbe seg nærare ei Hødd-kontrakt i løpet av sesongen.

– Det gjekk sjukt fort med det målet, smiler Beite, før han legg til:

– Det er som folk seier, det er no det byrjar. Eg har ikkje ein plass på laget sjølv om eg har fått kontrakt, og det eg har lyst til er å spele fotballkampar, prøve å bidra og å vere ein del av laget.

Vil gjere som Aursnes

Beite reknar med at han kjem til å vere med på ein del kampar saman med Hødd2.

– Det er slik det har vore med dei yngste som har fått kontrakt, men eg håpar jo litt på at det kan bli eit unntak med meg, at eg gjere slik som Fredrik Aursnes som berre går inn og spelar, eller som Sivert Heltne Nilsen. Bli ein del av laget sjølv om ein er ung.

Med debutkampen i siste seriekamp i 2014 friskt i minne, håpar Beite på å gjenskape den kjensla mange gangar når Hødd no har flytta inn på nytt stadion.

– Om eg kan få den opplevinga igjen her på nye Høddvoll, med alle som sit og heiar, familie på tribunen og ikkje minst Blåsarane, så kan det bli steike artig.

Beite fortel at det betyr mykje at klubben viser at dei har tru på spelaren ved å gje han ei treårskontrakt.

– Det var klubben som kom med det tilbodet og det er veldig gøy å få den tilliten.

Spelaren seier at han fekk tilbodet om kontrakt etter trening onsdag sist veke. Den vart underskriven torsdag, og deretter offentleggjort fredag.

– Det er veldig mange som har gratulert meg, mange som seier det er fortent og at dei gler seg til å sjå meg springe ut på Høddvoll og gjere det eg er god på.

Mykje å jobbe vidare med

Saman med fleire andre frå rekruttroppen har Sondre Beite vore med på a-laget sine treningar gjennom heile vinteren. No er han ein del av dette laget, men vegen til fast plass er framleis lang.

– Eg må halde fram med å jobbe hardt på trening og utvikle meg vidare som spelar. Det er framleis mykje å jobbe med, og eg må også prøve å verte endå betre på dei tinga som eg er god på.

Beite er samstundes no ein fast del av a-troppen til Hødd, og det har han fått synleg bevis på.

– Då eg gjekk inn i garderoben i stad og såg at der hang eit skilt med Sondre Beite på min plass, det var bra, gliser han.

No er det knapt ei veke til seriestart. Korleis ser du føre deg din første sesong som A-spelar i Hødd?

– Eg ser ganske roleg på det, og vil berre utvikle meg så mykje som mogeleg og få så mykje speletid som mogeleg. Kjem eg innpå i kampar så skal eg gjere mitt beste og stå på med det eg er god for.

"Brutal" overgang

Det er berre om lag halvanna år sidan Beite spelte for Skodje, no skal arenaen vere nye Høddvoll og OBOS-ligaen.

– Det er sjukt å tenke på. Å gå frå å spele i Skodje der det kanskje kom 50 personar for å sjå kampane, til fullsette tribunar på Høddvoll. Det er ein ganske brutal overgang.

Beite fortel at han får god støtte frå dei litt eldre spelarane i troppen, og trekk mellom anna fram Jesper Törnqvist, Steffen Moltu og Joachim Magnussen.

– Dei pratar med meg heile tida, og tek veldig godt vare på meg. Dei yngste også, vi har ei veldig bra gruppe, seier Beite som slår fast at han trivst veldig godt i Ulsteinvik og Hødd.

Annleis spelartype

Sportssjef i Hødd André Nevstad fortel at Hødd har hatt og vil ha ein gjeng rekruttspelarar som trenar med A-laget.

– Alle har gjort ein god innsats og har hatt god utvikling. Sondre ligg veldig godt i løypa, har hatt ein veldig god vinter og har halde fram der han slapp i fjor haust. Han er ein litt annleis spelartype og ein spanande spelar med veldig spanande kvalitetar. Vi har tru på at han vil kunne lukkast.

Nevstad forklarer at Beite har fått treårskontrakt fordi Hødd ser ein spelar som ein ønskjer å utvikle i eit langsiktig perspektiv.

– Saman med han skal vi få ut potensialet som er i spelaren. Vi har tru på at han både som spelartype og ferdigheitsmessig er ein som kan utvikle seg i Hødd, også på kort sikt og som kan levere allereie denne sesongen, men ikkje minst på lang sikt og som ein som kan utvikle seg til å bli ein veldig spanande angripar.

Medan ein del andre som tek steget frå rekruttstallen og inn i A-troppen til Hødd gjer det med kortare kontraktar i første omgang, har Hødd gått for ei treårskontrakt for Beite.

– Det vil variere, vi har skrive både eitt-, to- og treårskontraktar tidlegare. Vi har hatt Sondre og dei andre rekruttspelarane saman med gruppa, og vi har sett at Sondre allereie er med og kjempar om speletid på A-laget og han er veldig spanande. Det blir individuelt vurdert, og det har litt med kva andre alternativ ein har i den aktuelle posisjonen i klubben. Sondre er ein litt annleis spelar som vi trur kan lukkast, slår Nevstad fast.

Tysdag spelar Sondre Beite og resten av Hødd-laget treningskamp mot Sogndal. Den kan du følgje her på Vikebladet.no.