I februar slo Hødd Sogndal 2–0 i ein treningskamp i Sognahallen. Tysdag kjem laget til nye Høddvoll for generalprøve ei knapp veke før seriestart.

– Ja, no er det siste testen, og eg ventar at vi kjem til å få ei god gjennomkøyring, samt at vi får sjå eit tent Hødd-lag, fortel Sindre Eid.

Etter laget sitt einaste tap i oppkøyringa borte mot Molde sist, får Hødd ein ny sjanse til å ta med seg godkjensla inn i siste treningsveka før Strømmen borte 6. april.

– Vi får sett litt status før seriestart og satsar på å få både ein god prestasjon og eit godt resultat. Det vil vere god hjelp inn mot seriestart.

Ventar tøff kamp

Sindre Eid fortel at Fredrik Aursnes framleis er på landslagsoppdrag, samt at Hødd ikkje vil ta nokon sjansar med Ole Amund Sveen som framleis har litt trøbbel etter ei tøff takling i treningskampen mot AaFK.

Trenaren fortel at kampen i Sognahallen var tett sjølv om Hødd kunne ta meg seg ein 2–0 siger.

– Sogndal hadde ballen mest då og eg ventar ein tøff og tett kamp no også, seier Eid.

Kampstart er 18:00 og vi følgjer kampen på Vikebladet.no.