Det vart ikkje noko fyrverkeri frå start då Hødd tok i mot Sogndal til treningskamp på nye Høddvoll. Heimelaget såg ikkje ut til å tenne på alle pluggar frå start, og i staden var det bortelaget som fekk låne ballen svært mykje i byrjinga av den første omgangen.

Sogndal klarte likevel ikkje å skape noko sjansar å snakke om, og det var Manus Myklebust som var nærast då han prøvde å chippe ballen over ein Sogndal-keeper som stod ute på fem meter.

Den første omgangen var prega av få sjansar til begge lag, men få minutt før pause tok Sogndal leiinga ved Kristian Opseth. Her burde nok Hødd-forsvaret ha gjort ein betre innsats.

Etter kvilen prøvde Hødd å løfte laget, men nok ein gong var det Sogndal som fann vegen til nettmaskene. Victor Grodås gjorde som han har gjort mange gangar på Høddvoll, men no for bortelaget, og la presist inn til Kristian Opseth som scora sitt andre mål.

Ein halv time inn i den andre omgangen blir Eirik Ulland Andersen forsøkt tredd gjennom. Før han fekk kontroll på kula vart han riven over ende og Hødd fekk straffe. Den sette Michael Karlsen sikkert i mål.

Like før slutt får Hødd ein stor sjanse då Christoffer Aasbak fangar andreballen og kjem til avslutning. Sogndal sin keeper får avverga til corner, og kampen ebbar ut utan at Hødd klarar å utlikne.

Det var ikkje store skilnaden på laga i denne kampen, og kanskje ville Hødd vore meir med frå start med si vanlege oppstilling på midtbana. Mot Strømmen i seriestarten må uansett laget vere meir med frå dommaren bles i gang kampen.

Kampfakta:

0-1 Kristian Opseth (42), 0-2 Opseth (55) 1-2 Michael Karlsen (76)

Gule kort: Torbjørn Kallevåg, Victor Grodås, Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist

Inn for Hødd: Eirik Ulland Andersen (Magnussen), Bendik Torset (Mork Breivik), Sondre Beite (Myklebust), Benjamin Mork Kleppe (Karlsen), Ruben-Kenneth Brandal (Sandal), Bendik Rise (Kallevåg)

Hødd startar med dette laget: Aslak Falch, Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Erik Sandal, Torbjørn Kallevåg, Martin Mork Breivik - Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Joachim Magnussen.

Benken: Jan Lennart Urke, Ruben-Kenneth Brandal, Benjamin Mork Kleppe, Bendik Rise, Bendik Torset, Sondre Beite, Eirik Ulland Andersen.

42 min: Sogndal tek leiinga ved Kristian Opseth. Mykje rot i Høddforsvaret.

54 min: Sogndal doblar leiinga. Victor Grodås slår inn framom mål og der var Kristian Opseth nok ein gong på plass for å skli ballen i mål.

Kampstart er 18:00 og vi følgjer kampen frå første spark på ballen.