Ådne Andersen la treningsøkta til Volda og Rotevatnet Rundt laurdag. Det enda med tida 20.23 og ny løyperekord på den 6,1 kilometer lange runda.

Andersen forbetra den gamle rekorden, sett i 2012, med 23 sekund.

Det er berre om lag tre veker sidan Andersen tok to gull under UM i Ulsteinvik.