Nokre av dei viktigaste støttespelarane til Hødd er dei frivillige i klubben. Det er dei som sørgjer for at alt er klart til kamp, at sponsorplakatane er hengt opp, viser kvar tilskodarane skal parkere, sjekkar om dei har betalt bilett og om alt er greit på tribunene under kamp.

– Det må vere nokon som gjer litt arbeid også, ikkje alle kan spele fotball, seier Jan Roar Roppen og ler medan han dirigerer bilar inn på parkeringsplassen på Høddvoll.

Ulsteinviking - i med og motgang er ein serie om Hødd i seks delar. Der følgjer ein spelarar, trenarar, frivillige og supportarar i tida før seriestart 2015.  Det er Ane Mørk, Siri Husby Fiskum, Gunhild Kjeilen Kallvig og Silje Steinnes Bjerknes frå Høgskulen i Volda som står bak serien.

Les meir om den frivillige innsatsen på Nernett.

Vikebladet.no blir det presentert ei episode frå serien kvar dag inn mot seriestart.

Siri Husby Fiskum, Silje Steinnes Bjerknes, Ane Mørk og Gunhild Kjeilen Kallvig frå Høgskulen i Volda står bak nettserien "Ulsteinviking - I med og motgang".