I generalprøva på nye Høddvoll var det bortelaget Sogndal som fekk med seg sigeren. Erik Sandal meiner det fort kunne gått andre vegen.

– Det er litt opp og ned. I periodar er vi bra og klarer å ha bra tempo i kula, bevegelsane sit og vi skaper nokre sjansar. Eg bør sette ein av dei. Slik er fotballen. Det gjeld ofte å få det første målet, og eg har ein stor sjanse på 0-0, men så er det Sogndal som tek leiinga.

Sandal meiner Hødd har litt att på det defensive arbeidet, sjølv om Sogndal ikkje kjem til veldig mange sjansar. Dei var likevel effektive og Kristian Opseth scora to gongar. Det tok også litt tid før Hødd, med nykomponert midtbane, kom skikkeleg inn i kampen.

– Vi får ikkje inn rette avstandane og blir springande ein del i mellom synest eg. Utover i kampen synest eg vi spelar til dels ganske bra fotball og held bra i kula, men vi må gjere det i lengre periodar. Då kan vi fort få både eitt og to mål til, men samstundes er det kanskje greitt å få seg ein på trynet like før seriestart.

Kan ikkje kvile på lauvbæra

Sandal seier at sjølv om Hødd ikkje gjer nokon dårleg kamp mot ein av dei store opprykksfavorittane, så er laget heller ikkje heilt på det nivået der ein ønskjer å vere.

– Vi har å jobbe med, og kan ikkje kvile på lauvbæra no. Vi har vore gode i vinter og veldig gode i periodar i dag også, men det må halde lenger og så må vi sette ballen i mål. Det er det fotball handlar om.

Sandal meiner det ikkje er grunn til å vere spesielt misnøgde med Sogndal-kampen, men at ein heller ikkje kan vere heilt nøgde med eigen prestasjon.

– Alt i alt er det heilt ok.

Fekk seg ein kipp

Heile Høddvoll heldt pusten like før pause, då Erik Sandal blei liggande nede etter ein duell. Midtbanespelaren mista heile fjorårssesongen grunna skade, og mange frykta nok det verste etter smellen.

– Eg skal sparke ballen, sparkar opp under knottane på Sogndal-spelaren og treff plata i ankelen med full kraft. Det var skikkeleg vondt der og då, og eg kjenner det godt no også, men det er ikkje noko alvorleg. Du får ein liten kipp når det er same foten og du treff ganske hardt. Det er ei ilande smerte med ein gong, men det går ganske fort over.

Sandal har fått spele meir og meir utover i oppkøyringa og no nærmar han seg kampforma.

– Det er godt å få matching på høgast mogeleg nivå. Det blir om lag 80 minutt i dag og 75 minutt mot Molde sist. Eg er veldig takknemleg for all speletida eg får og eg synest det er eit steg i rett retning sidan kampen mot Molde. No må eg berre bygge vidare på det til neste kamp og halde hjula i gang. Det er matchtrening eg manglar.

Med mindre enn ei veke att til serien startar opp, blir fokuset no lagt på første seriekamp borte mot Strømmen.

– No må vi opp att på nivået vi hadde mellom annan på La Manga. Få litt meir tempo, litt betre avstandar mellom og i ledda. Vi blir kanskje litt avventande, men jobbar steinhardt og no er det berre å sjå opp og fram. No kan vi gle oss til seriestarten. Vi har vore gjennom tre månadar med mykje trening og no byrjar alvoret. Det er berre å ta på seg smilet og gle seg.