Med ei nykomponert midtbane, med ein rekruttspelar som vanlegvis spelar back, samt Torbjørn Kallevåg i ny posisjon som anker, tok det litt tid før Hødd kom skikkeleg inn i kampen mot Sogndal.

- Det er ikkje unaturleg. Frå 15-35 minutt synest eg derimot vi er veldig bra. Då er det spel mot eitt mål og vi skapar fleire store sjansar og bør sette minst 1-0. I staden får vi 0-1 i mot på deira første sjanse og så får vi 0-2 på deira andre, og då gjer vi det vanskeleg for oss sjølv, meiner Sindre Eid.

Manglar nokre prosent

Hødd-trenaren meiner likevel laget kan ta med seg ein del positive prestasjonar, samstundes som ein ikkje kan vere heilt nøgde med at ein slepp inn to mål.

- Det manglar kanskje fem til ti prosent på det nivået vi ønskjer å vere på, men det var ein treningskamp og vi fekk brukt mykje spelarar.

Hødd hadde nokre spelarar utilgjengeleg til Sogndal-kampen, med Fredrik Aursnes på landslagsoppdrag og både Ole Amund Sveen og Joakim Wrele ute med skader. Begge desse skade vere tilbake når Hødd spelar sin første seriekamp mot Strømmen.

- Det positive er at Martin får starte ein kamp på dette nivået. Vi meiner han har potensialet til å verte A-spelar i Hødd, og at han er i ferd med å bli det. I tillegg spelar ved Torbjørn Kallevåg anker for første gong i sitt liv. Det blir litt innkøyringsproblem, men deretter er vi gode.

Hødd-trenaren mista på ingen måte trua etter 1-2 for ein av opprykksfavorittane.

- Eg er styrka i trua på at vi blir veldig bra i år. Vi leverer nok ein bra kamp, mot eit lag som truleg er blant topplaga i 1.-divisjon og vi viser at vi har ein bra tropp. Eg er styrka i trua på at vi blir eit topplag i år.