- Namnet Olinkiaden tenkte vi kunne passe godt. Link er jo driftsoperatør for mottaka, og i staden for å kalle det for olympiske leikar, så kallar vi det for Olinkiaden, seier Iselin Aske med eit smil.

Ho var saman med fleire andre tilsette ved Link sine mottak i Ulsteinvik og Volda til stades for å sjå til at Olinkiaden 2015 blei gjennomført på ein god måte.

- Vi er pålagde å ha om fysisk helse på informasjonsprogrammet. Det er ganske så keisamt å snakke om, så difor gjer vi det i praksis. Veldig mange av dei som er med her har aldri vore i slik aktivitet før. Vi har mellom anna damer frå Somalia, som ein ser blomstrar og som syns dette er kjempegøy, seier Iselin Aske.

- Det er utruleg givande å sjå at dei deltek, og at dei gjer det så heilhjarteleg, legg Malene Sunde ved Link i Volda til.

Ein veg inn i lokalsamfunnet

Iselin Aske legg også vekt på at slike aktivitetsdagar kan vere med på å ufarleggjere deltaking i idrettslag og frivillige organisasjonar, både for borna og dei vaksne.

- Når foreldra også får oppleve den gleda idretten kan gi, er det større sjanse for at borna deira får sjansen til å delta, seier Aske og legg til:

Frå 60 meter til høgdehopp

Deltakarane på Olinkiaden i Ulsteinhallen kunne vere med på 60 meter, 200 meter, fotball, lengde og høgde. Planen var også å gjennomføre ein 2.000 meter.

- Det droppa vi. Vi blir så ivrige når vi planlegg, men vi fann ut at vi måtte jekke oss ned litt, seier Aske og flirer.

Mellom 60 og 70 frå Søre Sunnmøre Mottak (Ulsteinvik) var med, og rundt 60 frå Link i Volda.

- Det er bra oppmøte det, sjølv om vi eigentleg ville ha med flest mogleg, seier Malene Sunde.

Ved mottaket i Volda er det per i dag 145 bebuarar, men mottaket har 190 plassar.

Takksame for moglegheita

Iselin Aske fortel at ideen om Olinkiaden kom til ved ei tilfeldigheit, og at det har blitt større enn ho hadde trudd på førehand.

- Vi er også veldig takksame for at vi får leige Ulsteinhallen, til ein rimeleg pris. Dette er eit kjempetiltak, som er fysisk og psykisk førebyggande, og som vil gi bebuarane gode minne for ei lang stund framover.

- Kjekt tiltak

Sheema (14) frå Syria og Fares (13) frå Palestina var med på fleire av øvingane under Olinkiaden i Ulsteinhallen.

- Det er eit veldig kjekt tiltak, seier Fares.

Både Sheema og Fares likte best å springe.

- Å hoppe høgde og lengde var ikkje like artig, konstaterte Sheema.