På Høddvoll handlar det meste om seriestart. Tysdag spelte Hødd sin siste treningskamp før alvoret startar 6. april, og aktiviteten er hektisk for å få ferdig alt på nye Høddvoll til Fredrikstad kjem på besøk i andre serierunde.

Midt oppe i all aktiviteten fekk fire jenter frå journalistikkutdanninga ved Høgskulen i Volda kome tett inn på både spelarar, trenarar, supporterar og frivillige i Hødd. Resultatet vart nettserien ”Ulsteinviking – I med og motgang”, med seks episodar og seks featureartiklar på Nernett.no.

– Vi hadde lyst å lage eit produkt som vi kunne sjå tilbake på og vere stolte av. Det er ei lang praksisperiode og vi meinte denne serien ville ”piffe” opp ein praksis som elles kunne blitt kjedeleg. Vi var leie av at både TV, radio og avis-studentane skulle lage dei same sakene om lokale nyhende, så då ønskte vi å lage noko eige, fortel Siri Husby Fiskum.

Sjå første episode om dei frivillige i Hødd.

Gøy på Høddvoll

Ho legg til at ho, Ane Mørk, Silje Steinnes Bjerknes og Gunhild Kjeilen Kallevig var på veg heim frå ski-VM i Falun då ideen om å utforske Hødd dukka opp.

– Vi sat i ein trong minibuss på heim, hadde hatt det utruleg morosamt i Sverige, og ville gjere noko som kunne gjere overgangen frå Falun til Volda litt lettare. Vi fann raskt ut av vi ville gjere noko innan sport og då fotball sidan seriestarten nærma seg. Først var det treningsleiren på La Manga som freista mest, slik at vi kunne reise vekk og oppleve endå meir, men i staden fekk vi det utruleg gøy på Høddvoll, fortel Husby Fiskum.

Det blei ingen sydentur på jentene. Likevel oppdaga dei fleire ting på Høddvoll som fanga interessa.

– Vi tok kontakt med Hødd sidan vi har lagt merke til Blåsarane og forstod det slik at det var ei veldig sterk dugnadsånd i klubben. Eg vart nysgjerrig på korleis ein liten by som Ulsteinvik kunne ha eit så bra fotballag og få til ein så flott stadion, fortel Ane Mørk.

Dei fire jentene kontakta klubben og når spelarane kom heim frå treningsleiren på La Manga byrja arbeidet med å finne lage avtalar med personane det blir fokusert på i nettserien.

– Vi fekk også god hjelp til å finne case til sak om dei frivillige, der vi blir introdusert for Jan. Han er eit prakteksempel på ein frivillig. Supporterane til Hødd er også heilt herlege. Det er ikkje mange 1.-divisjonslag som har ein supporterklubb som Blåsarane, som reiser land og strand rundt for å følgje laget i kamp. Vi blei fascinerte av Hødd og derfor ville vi grave djupare og lære både klubben og folka rundt å kjenne, held Mørk Fram.

– Vi hadde aldri trudd at vi skulle få kome så tett inn på spelarane og alle som jobbar der som vi gjorde, skyt Gunhild Kjeilen Kallevig inn.

Opne dører

Silje Steinnes Bjerknes meiner noko av det beste med å lage serien har vore alle personane i Hødd-miljøet jentene har blitt kjende med.

– Alle har teke oss veldig godt i mot og vi har blitt møtt med smil uansett kvar vi gjekk. Både spelarar, trenarar, tilsette i Hødd og frivillige rundt klubben har vore veldig grei å ha med å gjere. Vi kunne gå dit vi ville og følte alltid at dørene var opne dersom vi lurte på noko, seier ho.

Studentane fortel at både Blåsarane, spelarar og andre i Hødd har teke veldig godt i mot dei og at dei har blitt kjende med mykje kjekke folk i Hødd-miljøet.

– Vi ville ikkje berre ha fokus på spelarane, men også dei mange eldsjelene som står bak laget. Dei som ordnar før kamp, under kamp og etter kamp. Dei frivillige, Blåsarane og dei fast tilsette i klubben, seier Kjeilen Kallevig.

Ane Mørk fortel at noko av det ho hugsar best frå tida med Hødd er frå då dei intervjua Eirik Ulland Andersen på treningsrommet til Hødd.

– Hovudtrenaren, nokre spelarar og den fysiske trenaren var der. Dei var veldig hyggelege, prata med oss og tulla mykje. Då spøka dei med om vi hadde møtt Manu Torres på Rokken. I tillegg var det veldig gøy når vi var på Hareid saman med Fredrik Aursnes, og eg og Siri fekk ein tur gjennom ”gettoen” saman med Fredrik, ler Mørk.

Gunhild Kjeilen Kallevig synest det var kjekt å filme Blåsarane.

– Det å høyre alle sangane deira, at dei syng gjennom heile kampen og at spelarane kom bort for å takke dei etterpå. Det viser kor mykje dei set pris på supporterane sine, fortel ho.

– Vi har vel blitt litt Hødd-supporterar heile gjengen og ønsker alt godt til både laget, dei frivillige og tilsette i Hødd. Eg blir meir og meir ein Høddar, som Sindre ville sagt, fortel Siri Husby Fiskum og legg til at det er gode sjansar for at jentene tek turen til Høddvoll 13. april og kampen mellom Hødd og Fredrikstad.

Kvar dag frå 1. april til seriestart 6. april publiserer vi ei episode frå serien "Ulsteinviking - I med og motgang" på Vikebladet.no.