Kampen hadde ein fin start og begge laga gjekk ut med høgt tempo. Allereie etter to minutt kunne Valder fått ein drømmestart då Mathias Dyb var frampå. Dyb fekk god tid, men skotet frå skrått og kort hald redda Vagn Scheide Mork flott.

Etter det handla det stort sett om Hareid og deira sjansesløseri. Etter seks minutt kunne Eiliv-Tore Howlid score i ein cornersituasjon, men skotet var blokkert. Då 16 minutt var passert hadde Georg Eikrem Olsen ein dobbelsjanse, men keeper Richardsen redda fint begge gongane.

Så gjekk Hareid opp i leiinga etter 23 minutt.  Alexander Nevstad spelte gjennom Runar Stranden som så vidt nådde ballen før dødlinja. Innlegget frå Stranden via Olsen enda hos Simon Holstad Grimstad som på bakerste stolpe kunne klinke inn 1-0.

Hareid hadde kontroll ut omgangen og kunne auka leiinga etter halvtimen ved  Georg Eikrem Olsen, men skotet redda keeper til corner.Andre omgangen opna Hareid bra. Etter 48 minutt auka Runar Stranden leiinga etter ein corner frå Ola Kalvø Vattøy.

Etter 54 minutt kom Jon Andre Thue heilt åleine med keeper, men lukkast ikkje når han skulle finte ut keeperen. I staden auka Olsen leiinga to minutt seinare etter ein forsvarstabbe.

Eit kvarter ut i omgangen klarte også Valder å skape noko. Tom Erik Dyb blei felt av Nauris Driksna og fekk straffe, noko som såg rett ut frå vår posisjon. Straffa sette kaptein Steffen Oksnes Elde sikkert. Etter målet fekk heimelaget og publikumet eit håp, men det varte berre i seks minutt.

Då scora Ola Kalvø Vattøy direkte frå corner, og sju minutt seinare punkterte same mann kampen etter ein keepertabbe, dermed 5-1.Andre resultat i 4.-divisjon i kveld:* Norborg – Vartdal 4 – 1 * Rollon – Langevåg 5 – 0 * Ørsta – Godøy 1 – 1 * Emblem 5 – 0 FK Sykkylven

Laurdag: * Larsnes/Gursken FK – VigraKampfakta

4.-divisjon, runde 1Valder – Hareid 1 – 5 (0-1)Valdervoll KGB Tilskodarar: 60Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL.Gule kort: Thue (Hareid). Eitt til ValderMål: 0-1 Grimstad (23), 0-2 Stranden (48), 0-3 Olsen (56), 1-3 Elde (61, str.), 1-4 Vattøy (67), 1-5 Vattøy (77). Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Joar Møller – Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Jon Andre Thue, Runar Stranden – Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen.Inn: Fredrik Lonbakken, Fredrik Andresen, Thor-Ove Brekke, Hiwa Alipoor, Gustav Bjørlykke Kløvning, Håvard Knudsen Bjåstad.